TURER OG AKTIVITETER
2024

Innhold

Tur til Sletteliberga – søndag 14. april
Lifjell på langs – søndag 17. mars

Tur til Sletteliberga – søndag 14. april

På Sletteliberga. Foto: Arne W Hjeltnes.
Fin sti på ei stor, brei fjellhylle. Foto: Arne W Hjeltnes.

Vårtur til Sletteliberga med turlaget. Dette er ein kort, lett tur på ganske flat traktorveg. Sletteliberga er ei stor og brei fjellhylle og byr på nydeleg utsikt over bygda. Turlaget ordnar bål. Ta gjerne med bålmat. Men sol og vind kan gjere lyngen i furuskogen knusktørr. Da kan vi ikkje fyre opp bålet.

Turlaget serverer kaffe og saft, samt arrangerer enkle konkurransar, som ein kan delta på.

Møt ved heradshuset/Bø torg for samkøyring kl 1030, eller møt direkte på parkeringsplassen Innleggen øvst i Liheia kl 1100.

Turleiar er Kjersti H Kvammen
tlf.: 97 73 81 83


Lifjell på langs – søndag 17. mars

Hollane mot Røysdalsnuten. Foto: Arne W Hjeltnes.

Skitur Grimås – Hollane – Jønnbu. Krevjande høgfjellstur på 25 km.  

Vi set opp maxitaxi frå Jønnbu kl. 08.45 via busstopp Bøgata (ved Bø Blad/kommunehuset) kl 0905. Det er høve til å gå på maxitaxien langs bussruta. Viktig: Skriv påstigningsplass, når du betaler. (det er lurt å ha eigen bil/samkøyring til/frå Jønnbu for heimtur)

Løypemaskin køyrer over fjellet laurdag. Det er stikka løype frå Grimås til Jønnbu, så det blir høve til å gå i eige tempo og bruke dagen over fjellet.

Turen byr på eventyrleg vinterlandskap og nok oppover- og nedoverbakkar til alle.  Vi tar oss god tid og tar pausar, når vi treng det. Lunsjen kan etast på Hollane seter.

Ta med godt med mat og drikke, og det du elles treng til ein utedag på Lifjell. Vel tilbake på Jønnbu er det mogeleg å runde av med middag på Lifjellstua.

Bø Turlag på veg mot Blomtjønnan. Foto: Arne W Hjeltnes.

Dersom du vil gå saman med turleiar over fjellet, så gi beskjed om dette til turleiar på Grimås parkering. Alle andre går på eige ansvar.

NB! Atterhald om dårleg vêr.

Vel møtt til ein flott høgfjellstur med Bø Turlag!

Deltakaravgift

Pris for medlemmar av Bø turlag og studentar kr. 175, barn/ungdom u/18 år kr. 100, andre kr. 300.

Betaling og påmeldingsfristar

Vippsbetaling: 568923 (Arrangement): Frist 14. mars kl 2200, og hugs å skrive tlf nr og påstigningsplass!

Bank: 2630.07.03118: Frist 13. mars, og hugs å skrive namn, tlf nr og påstigningsplass!

Eventuell tilbakebetaling på Vipps for dei som ikke får plass på turen, skjer etter at turen er ferdig. Etter påmeldingsfristen vil vi ikkje betale tilbake deltakeravgift, unntatt ved avlysing eller at vi får fylt opp den ledige plassen.

Turleiar: Dag Willy Mæland, 97430908 , dagwillymeland@gmail.com