Søraust i Bø ligg det store høgdedraget Breisås. Dette er turområde for både Bø, Nome og Sauherad. Vide furuskogar dekker særleg dei øvre delar, meir granskog lenger ned. Litt lauvskog veks i dei mjuke liene ned mot bygda. Den øvre delen av åsen har mange blinkande skogsvatn som freistar til ein dukkert om sommaren.
Det er blåmerka stiar med mange turvariantar og snøskuterpreparert skiløype om vinteren. Her er lett å gå, men lange slake bakkar opp mot vatna på toppen. Omlag 250 høgdemeter frå parkeringsplassane og opp til skogsvatna. Turområdet er lett å nå til fots, med sykkel eller buss. Kort veg frå Bø sentrum.
Vegen fram til parkeringsplassen
To parkeringsplassar finn du i Breisås bustadfelt. Avstanden frå Bø sentrum er knapt 2 km. Frå Bø sentrum (rundkøyring) følgjer du først riksveg 359 mot Lunde. Etter jernbanestasjonen (430 m) tar du av til venstre over jernbanen mot Breisås på Bordvegen. Følg nå Bordvegen og deretter Venåsvegen fram til parkeringsplassen ved studentheimen i Breisås (inn til høgre på stor parkeringsplass) 1750 m frå sentrum. Køyr vidare på Venåsvegen fram til parkering ved Steinfyllinga, 1950 m frå Bø sentrum.
Håsårudhåtten kulturminnefelt
Kulturminnefeltet ligg lengst nede i Breisås. Frå parkeringsplassen ved Breisås Studentheim kjem du fram til kulturminnestien «Spinnehjulet» med gravfelt, kolmile, kolgroper, holvegar og Bordvegen. Klikk på spinnehjulet til høgre for å lese meir om Håsårudhåtten kulturminnefelt.
Kart
- Dei merka turstiane finn du på trykt Turkart Bø, 2011.
- Ta med deg alle turstiene til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen Les meir….




