Turområdet omfattar elvestrekninga frå Oterholtbrua til Gårabru. Her er det merka stiar på begge sider av elva. Stort sett flatt terreng og lett å gå – heile året. Du kan gå på brei sti/veg omtrent heile vegen frå Oterholt til Gårabru på nordsida av elva. Turområdet er lett å nå til fots, med sykkel eller buss. Kort veg frå Bø sentrum. Informasjonstavle i A3-format står på parkeringsplassane. Klikk på bildet til høgre for å sjå på plakaten som står ved ein parkeringsplass.
Vegen fram til parkeringsplassen
For dei som vil bruke bil, er det parkeringsplassar både ved Oterholtbrua, Folkestadbrua og Gårabrua.
Parkeringa ved Bø Museum på Oterholt er utgangspunkt for «Kulturstien». Etter 0.4 km frå rundkøyringa i Bø sentrum vestover på Seljordsvegen svingar du til høgre mot Oterholt ved Statoil, til saman 2.7. km.
Parkeringa ved Folkestadbrua er utgangspunkt for «Kulturstien » og «Folkestien». Følg Folkestadvegen mot Notodden 1.7 km frå Bø sentrum (rundkøyringa).
Kart
- Dei merka turstiane finn du på trykt Turkart Bø, 2011.
- Ta med deg alle turstiene til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen Les meir….
- Klikk på bilda av karta under for å sjå på karta.
Vi har også satsa på vintergåløype. Men snøen ser ut til å svikte oss: Les meir…






