Om Bø Turlag

Bø Turlag arbeider for at alle skal kunne kome seg trygt ut i naturen, anten det er i nærområda, i skogen eller på fjellet. Mange frivillige ryddar og merker turstiar, arrangerer turar og jobbar politisk for å sikre for framtida både for nærtur- og toppturområda.

Organisering

  • Over 20 personar held ved like 135 km merka turstiar. Ein dugnadsgjeng er til disposisjon til større oppgåver i turområda.
  • Vi har om lag åtte fellesturar i året.
  • Trilleturar for småbarnforeldre går kvar tysdag heile året.
  • Rusleturar i sentrum av Bø går kvar tysdag heile året, også i feriane. Fem lag samarbeider om tilbodet.

Laget er medeigar i Bø Løypelag som køyrer opp Vihusløypa og skiløypene nede i bygda. Vi samarbeider med Gvarv Turlag om felles kartdatabase og interaktive webkart. I samarbeid med seks-sju lag og organisasjonar tilbyr vi omlag 90 gratis arrangement i året, som er open for alle.

Bø Turlag hadde 325 medlemmer i 2021.
Laget blei stifta i 1976. 

Turområde

Dei ti turområda er delt inn slik: Breisås, Bryggefjell, Bøelva, Folkestadåsane, Gygrestolen, Høyslass-Bruskor, Lifjell (fire delområde), Maskat og Årmotdalen (to delområde). I 2021 tok vi ansvar for stiane i skogområda i Evjudalen i Bø sentrum. Omtale av turområda.

Vi samarbeider med Gvarv Turlag, Notodden Turlag og Seljord Turlag om vedlikehald av stiar som kryssar grenser til andre kommunar. Hovudformålet med merking av stiar i skog og fjell er å leggje til rette for at turfolk skal kjenne seg trygge i naturen og ta seg fram til turmålet og tilbake. Turlaget ønskjer også å ta vare på gamle ferdselsårer ved å rydde dei etter behov.

På heimesida vår (Bø Turlag) kan du sjå omtale av turområda og interaktive webkart. Stiane finn du også på trykt kart Turkart Bø (2011) og ulike appar. Frå 2020 til 2024 har vi kontrollert og kartlagt alle stiar, merka stiar og traktorvegar i turområda til Gvarv Turlag og Bø Turlag og viktige nærturområde i kommunen. 750 km stiar og traktorvegar er kartlagt og kontrollert i marka.