Finn fram i Midt-Telemark på mobilen
Her viser vi tre ulike måtar å få tilgang til våre nykartlagte stiar og traktorvegar.
Ta med eit interaktivt kart ut på mobilen din!
God tur!
1) Kart-app: ArcGIS Field Maps
Du kan navigere i turkartet vårt med GPS: Turkart Midt-Telemark. Du kan klikke på alle objekt i kartet, og dei viser informasjon. Merka sti, umerka sti og traktorveg er oppdatert frå 2020 til 2023. Desse stiane og traktorvegane finn du berre innanfor turområda til Gvarv Turlag og Bø Turlag og viktige nærturområde i gamle Bø kommune, Hørte og Gvarv.
- Last ned og opne appen på mobilen. Appen heter: ArcGIS Field Maps.
- Logg ikkje på.
- Deretter – søk på turkartet vårt: Turkart Midt-Telemark.
Legg merke til at du ikkje kan søke på våre turmål i appen, men berre på «Sted eller adresse» i Norge.
Vår variant av turkartet berekna på nettlesing har bl.a. denne søkemoglegheita og fleire andre verktøy. Sjå på dette kartet i ein nettlesar.
Du kan også bruke kartet i appen utan mobildekning
Klikk på dei tre prikkane til høgre for kartet: Turkart Midt-Telemark.
- Vel: Legg til Frakoblet område.
NB! Vel berre det lille kartområdet som du treng for å spare nedlastingstid og lagringsplass. - Vi anbefaler: Detaljnivå 1: 2500.
NB! Lågare verdi medfører unødvendig mange detaljar (eksempel 1m høgdekoter) og derfor veldig store kart (nedlastingstid og lagringsplass).
NB! Februar 2024-versjonen av programvaren har ein ny feil som medfører at alle stiar og traktorvegar blir vist med same type blå strek.
Vi håper at juniversjonen rettar opp dette.
Universitetet her i Bø eig rettane til ArcGIS kartverktøyet.
Arne W Hjeltnes har tilrettelagt ulike kart for Bø Turlag i kartappen.
2) Våre stiar finn du også på mange andre appar
Det er mange ulike nasjonale appar å velje mellom, men ikkje bruk Google Maps utanfor byar og tettstader. Vi nemner kun to gode alternativ: UT.no og Norgeskart Friluftsliv. Alle merka stiar til dei to turlaga er tilgjengelege, men umerka sti og traktorveg er delvis utdatert på desse to appane (pr. 2023). Kartverket jobbar med å få våre registrerte stiar og traktorvegar inn i dei nasjonale databasane, som på denne måten blir tilgjengeleg for alle. Kartverket jobbar dessverre seint.
Du kan også bruke kartet i appen utan mobildekning
UT.NO
Last ned kartet på din brukarprofil i UT.no.
Dei ulike detaljeringsnivå i kartet må bli lasta ned til telefonen ved å panorere og zoome ut og inn til den detaljering du ønsker – på alle delar av det området du er interessert i.
Norgeskart Friluftsliv
1) Last først ned bakgrunnskartet på ikonet Kart og kartlag, fanen Bakgrunnskart. Du må velje kva for bakgrunnskart du skal laste ned, f eks Norge topografisk.
2) Etterpå må kartlag (som f eks skiløyper og/eller stiar) bli lasta ned separat ved å panorere og zoome inn og ut til den detaljering du ønsker på alle delar av det nedlasta bakgrunnskartet kor du treng skiløyper og/eller stiar (i vårt eksempel).
3) Slå på kartlag i fanen Kartlag. Under denne fanen er det mange spanande kartlag å ta med ut. Du kan slå dei av og på (sjå fanen Kartlag) – også etter at dei er lasta ned.gjelde
Ny kartlegging av stiar og traktorvegar
Alle merka og umerka stiar og traktorvegar er kartlagt på nytt frå og med 2020 i turområda til Bø Turlag og Gvarv turlag. Det same gjeld ei rekke nærturområde innanfor gamle Bø kommune, Hørte og Gvarv. Til saman 750 km stiar og traktorvegar er kartlagt og kontrollert i mark i løpet av fire år. Dei stiane og traktorvegane som ikkje lenger eksisterer, eller ligg feil i marka, er fjerna frå kartet og mange nye er lagt inn.
Kartet (klikk på kartbildet til høgre eller over) viser dei områda som er kontrollert i marka. Dei er markert med lilla områdeavgrensning. Klikk på områda og du ser år for kartlegginga. Zoom inn i kartet med «+» verktøyet tre gonger). Da får du etter kvart også sjå alle stiane og traktorvegane som er kartlagt/oppdatert i marka.
Vi samarbeider med Kartverket slik at stiane og traktorvegane blir overført til nasjonale kartdatabasar. Da blir dei etter kvart tilgjengeleg for alle som utviklar kart i appar og trykte papirkart.