Turområdet Folkestadåsane

Her kan du lese meir informasjon om turområdet.

Folkestadåsane er namnet på dei låge skogåsane mellom Folkestadgrenda og Hørteelva. Høgdeforskjellane er små. Åsane har glissen furuskog, flate berg, runde, flate åsryggar, store myrer og to fine tjørner. Dei lettgåtte og mjuke stiane gjer dette til eit turområde som passar for både liten og stor, gammal og ung. Når snøen ikkje ligg for tjukk, kan du gå på stiane heile året. Du kan velje mellom korte og lange rundturar. Turområdet er lett å nå til fots, med sykkel eller buss. Det er kort veg frå Bø sentrum.

Høgefoss er eit mektig skåe i flomperiodar. Her er det og ein fin rasteplass i elvemøte mellom Åseåa og Lonåa som her blir til Hørteelva. Ved store Trytetjønn er det rasteplassar, badebrygge og etter kvart fleire lavvoar. Det er tidleg badevatten om sommaren og tidleg stålis om hausten for skøyter og isfiske etter tryte..

Den austre delen av åsen har eit tett nettverk av umerka stiar. Men her er det ingen merka stiar, sidan grunneigarane ikkje ønsker dette. Heil søraust på turområdet ragar Åskollen (208 moh) forsiktig opp i terrenget. Flott utsikt mot Gvarv og Norsjø. Dette er eit populært turmål for store og små. Stien hit byr på eit småkupert, innbydande terreng.  Det er kort veg opp til åsen frå parkering ved Hegnunvegen.

Vegen fram til parkeringsplassane

Avstanden frå Bø sentrum (rundkøyring) er ca 4,9 km til parkering ved Telemarkshallen og 3,9 km til parkering ved Mogan. Frå Bø sentrum tar du først riksveg 3330 Folkestadvegen mot Notodden. Etter 3,5 km, ved avkøyring til Hellestad Sandtak på Hegnunvegen, må du velje mellom dei to parkeringsplassane som er Mogan til høgre 400 m langs Hegnunvegen, eller rett fram til Telemarkshallen (100 m forbi hallen) langs Vatnarvegen. Parkering på begge sider av vegen.

Kart

Merka- og umerka stiar er oppdatert frå og med 2020.

  • Dei merka turstiane finn du på trykt Turkart Bø, 2011.
  • Ta med deg alle turstiane til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen Les meir….

Informasjonstavler på parkeringsplassane viser kart på plakatar i A3-format. Kartplakaten kan du sjå på her.

Du kan navigere rundt i webkartet (zoom og pan) i alle turområda til Bø Turlag og Gvarv Turlag. Klikk på kartobjekta og sjå på informasjon om natur og friluftsliv i tekst, bilde og video.
Søk på eit turmål, for eksempel Store Trytetjønn.

Foto: Arne W Hjeltnes