Vedlikehald av turområda

Bø Turlag held vedlike 12 turområde. Ein eller fleire personar vedlikeheld eit turområde. Laget har ansvar for over 135 km merka stiar. Vi samarbeider med Gvarv Turlag, Notodden Turlag og Seljord Turlag der turstiane møtast. Laget er medeigar i Bø Løypelag som bl.a. kjører opp Vihusløypa og skiløypene nede i bygda. Lifjell Løypelag held ved like skiløypene på Lifjell.

Hovudformålet med merking av stiar i skog og fjell er å leggje til rette for at turfolk skal kjenne seg trygge i naturen og ta seg trygt fram til turmålet og tilbake. Turlaget ønskjer også å ta vare på gamle ferdselsårer ved å rydde dei etter behov. Enkelte område i kommunen bør liggje urørt utan merka stiar, og da er det opp til vandraren sjølv å finne vegen og målet.

Informasjonen på denne sida er laga med tanke på dei frivillige som jobber i turlaget.
Dei merker og rydder stiane, set opp skilt i stikryssa og plakatar på parkeringsplassane.

Innhald

Viktige rutiner
Merka sti: Ansvarleg person og turlag/institusjon
Skriv ut informasjon- og kartplakatar
Bestill nye retningsskilt i stikryss
Finn grunneigar til stiar
Postkasser på faste turpostar
Retningsliner for merking av turstiar
Lagerrom på Bekkevoll

Viktige rutiner

Innkjøp av utstyr

Vi skiller mellom prosjekt og drift. Driftsutgifter er knytta til dagleg vedlikehald i turområda som maling, ryddeutstyr ol. Dere kjøper inn det som er nødvendig. Større arbeid må finansierast eksternt. (ta kontakt med styret). Ikkje set i gang arbeidet før prosjektet er finansiert!

Betal regning på innkjøp med faktura der vi har konto. Dette er Byggmakker Bø, Monte’r Storkaas, Bø maling, USN Hustrykkeriet (på universitetet) og kanskje Felleskjøpet (Spør om dette). Ellers betal og send kvittering til kasserar.

Merk ALLTID regninga med fullt namn og namn på turområde. Utlegg på prosjekt merkast i tillegg med namn på prosjekt.

Arbeid i turområda

Rydding av «verdifulle» trær og graving/fylling i terrenget må avklarast med grunneigar.
Merking av nye stiar må avklarast med grunneigar og styret i turlaget.

Ansvarleg person/turlag

Kart

Sjå på kartet: Klikk på kartbildet

Kartet visar dei merka stiane som blir vedlikehalde av person(-ar). Sjå på kartet….

Klikk på stiane i kartet og les kontakt-informasjonen til person(-ar). (Zoom og pan i kartet).

«Lag» i menyen oppe til venstre i kart-vindauget, gir tilgang til eit anna kartlag. Du må slå det på sjølv. Kartlaget viser turlag/institusjonar som vedlikeheld dei merka stiane. NB! Slå på berre eit lag om gangen.

Dugnadsgjeng

Ein dugnadsgjeng kan hjelpe til når du ønskjer det. Ta kontakt med Arne Hjeltnes eller Bjørn Steen.

Informasjon- og kartplakatar

Oppslagstavla til Røksbu/Jøronnatten. Foto: Arne W Hjeltnes.

På parkerings-plassane til turområde finn du oppslagstavler med kart og omtale av turområde i PDF-A3-format.

Den gamle Folkestadbrua

Ute i marka finn du informasjons-plakatar på små og store tavler. Vi har laga dei sjølv. Anders Fossøy kartfirma lagar kartplakatane på Lifjell. Lokale turområde er og kartlagt.

Alt dette er arkivert i Dropbox’n til Bø Turlag. Arkivet er sorter etter namnet på turområdet. Dokumenta er klar til å skrivast ut på papir og innbakt i plast..

Bestill retningsskilt

Person som freser ut bokstaver på skilt

Hans Strand, Lektorvegen, tlf.: 90  50 47 48.
Han tar på seg jobben ut 2023. Send ei liste med skiltnavn til han. Oppgi turområde og navmnet ditt.

Retningsskilt

Person som maler og pusser skilta

Inge Bø, Breisås.  Telefon 92898006,
E-post: inbo2@online.no.
Han har også retnings-pil og logo til å skru på skilta på lager. Kjøp små rustfrie skruer sjølv. Han pussar og opp gamle skilt. Skiltsybola logo og rettningspiler har han og. Inge gir beskjed når skilta er klar for henting.

Retningsliner for merking av turstiar

Bø Turlag ønskjer å følgje desse enkle prinsippa:

På tydeleg markerte stiar er spreitt merking tilstrekkeleg. Vi treng ikkje sjå frå merke til merke. Merka er bare ei påminning om at du følgjer ein merka sti. Dette gjeld dei fleste stiane i skog.

På mindre tydelege stiar skal vi sjå frå merke til merke, tettast merking på Lifjell, grunna fare for tett tåke. Du treng merka for å finne trygt fram.

I stikryss skal vi alltid kunne sjå neste merke. Skilting er nødvendig om merka stiar går i fleire retningar. Generelt skiltar vi ikkje umerka sti.

Meir informasjon om merking

Nasjonal handbok for skilting, merking og gradering.
Sjå frå side 98: Les meir

Vi har ferdselrettar og pliktar i utmark (Plakat av Leif Krosshaug, 2010): Les meir
Fleire detaljer om merking og skilting (Leif Krosshaug, 2010): Les meir

Finn grunneigar

På kartet til Kartveket ser du eigedomar og dei merka stiene til turlaga. Grunnboka med opplysningar om grunneigar til eigedomen finn du også her.

Veiledning

  • Opne kartet på nettsida til Kartverket: Norgeskart
  • Zoom inn i kartet til eit lite utsnitt av turområdet. Du finn alle dei merka stiane til Bø Turlag og Gvarv Turlag på kartet.
  • Klikk i kartet der du ønskjer å se info om grunneigar. Eit vindauge opner seg automatisk. Vindauget kan du og opne og lukke manuelt ved å klikke på ikonet med dei tre vannrette strekane.

Eksempelkart
Du har klikka nær ein merka sti på Folkestadåsane i karttenesten «Norgeskart» til Statens Kartverk. (Sjå raudt merke på kartbildet). Nå er du klar til å finne eigedom og grunneigar.
(Klikk på bildet for å sjå ein større illustrasjon)

  • Åpne «Se eiendoms-informasjon». Kryss av for «Marker eiendom»
  • Klikk på «Vis mer informasjon». Du får mye informasjon om eigendomen.
  • For informasjon om grunneigar, klikk på «Vis grunnboken». Dette forutset at du indentifiserar deg sjølv med BankID.
  • Sjå PDF-dokument nederst på statuslinja i nettlesaren din.
    Sjå «Hjemmelsopplysninger».

Postkasser på Turpostar

Postkassa på Bruskor. Foto: Arne W Hjeltnes.

Mange turområde har faste turposter med postkasse. Person med ansvar for vedlikehald av turområda har også oppsyn med dei faste turpostane. Dette finn du på sida til Turknappen.

Postkassa på Bruskor er eksempel på ei påstkasse som ikkje er fast turpost. Men vi har likevel oppsyn med kassa og boka.

Ny bok, boks til bok og blyant finn du i kasse hos Brukås Sport eller på lagerrom i 3 etasje på Bekkevoll. Bok som er utskriven lagrast på Bekkevoll. Ta gjerne kontakt med personar i styret som har ansvar for materiell.

Lagrerom på Bekkevoll

Lageret er på loftet på Bekkevoll, Gullbringvegen 20 (Midt-Telemark kommune) og er tilgjengelig i arbeidstiden.

På bildet under ser du lagerrommet i 3 etasje. Ring på ved hovudinngangen og gå trappa opp i andre etasje. Midt i bygget finner du vindeltrappa som fører opp til loftet. Gå rett fram på loftet, inn venstre dør. Vi har den venstre del av rommet (mot vest).

Lagerrom på Bekkevoll – på loft-etasjen.

NB! Skriv i utlånsboka!
Lad batteriene opp før du legg dem tilbake på lageret! Ikke la batteria stå i, men la dei ligge løse når du set utstyret tilbake på lagerrommet!

Utstyrsliste på lagerrommet på Bekkevoll

  • Motorsag, batteridrevet.
  • 2 el-skrutrekkere, batteridrevet.
    Batteriene er felles, slik at du kan ha med deg 4 batterier til utstyret dersom du trenger det. Motorsaga trekker en del strøm. Verneutstyr til motorsaga skal brukes!
  • Oljekanne til saga.
  • Esker med en del skruer.
  • 3 håndsager, 3 økser, 3 spader og 3 grafser.
  • 2 bord, og stoler.
  • Vanndunker (Ei kran lekker, pakning mangler), 2 kaffekjele.
  • To bålpanner. Den største er i to pakker.
  • Propanapparat (fungerer dårlig).
  • Litt ryddeutstyr.
  • Merkebånd (blå og røde) til Bømarsjen. Kjøpt på Felleskjøpet.
  • Plakater i A4 format innbakt i plast med retningspil og navn, beregnet på Bømarsjen
  • Paraplytelt (3 x 3 m) – til Bømarsjen og arrangement.
    – 4 plastkanner til ballast. Teltet kan ikke brukes i sterk vind.
    – Kannene festes med røde/grønne tau til tak-hjørnene.
    – Hvit sidevegg. Den er pakket inn i en rull.
    – – Veggen festes med svart gummistrikk med krok.
    – Remser med bildeplakater i A3 format henges på veggen.
    – – Bilda er pakka inn i ei flat pakke.
    – Bildene hengast opp på krokar på ei 3 m lang trelist.
  • Strandflagg som står på ein svart firkant-fot.

Person i turlaget som har oppsyn med lagerrommet finn du på sida: «Styret og nemder«.

Utstyr på Brukås sport

Klikk på bildet for å sjå på eit større bilde.

Bøkar, boks til bøkar, blyanter, blyantspissar mm. lagrast i blank plastboks hos Brukås Sport. Dette er innhald i postkassar som står ute på turmål.

Kassa finner du like ved kjellertrappa på 6. hylle. Snakk med personalet i butikken og be om tilgang til kjellaren.

Person i turlaget som har oppsyn med kassa hos Brukås Sport finn du på sida: «Styret og nemder«.