Turområdet Bukkelifjell

Her kan du lese meir informasjon om turområdet.

Turområdet på nordsida av Årmotdalen omfattar Bukkelifjell (i nord) og Gamlestulfjell (i sør). Lengst nord i kommunen og aust for Lifjell og Årmotdalen ligg Bukkelifjell. Dette var tidlegare eit seterområde for garder i Bø og Heddal. Her finn vi tufter etter stølar og plassar som vitnar om ein annan og hardare kvardag enn vår. Nå har skogen teke over, men opne kollar, myrer, tjørnar og blinkande, små vatn livar opp i landskapet. Utanom dei blåmerka stiane finst det få umerka stiar. Turområdet byr på spanande «villmark».

Det er bratt oppstigning på 520 meter frå parkering ved Nord-Årmot til det høgste punktet på turen, Rypeskaret (772 moh). Først bratt opp til Skarestulen. Deretter kupert terreng mellom Skarestulen og Rypeskaret.

Men det er mykje rolegare terreng mot nordvest frå Nord-Årmot til Årlia og Løkjindammen. Ein del blaute parti særleg i området frå Løkjin til Tyristul krev godt fottøy. Det er lang slak oppstigning frå Tyristul til vatnet Pina og vidare opp til Rypeskaret. Flott utsikt mot Gaustatoppen. Kupert terreng ned til Skarestulen. Herifrå er det bratt sti ned til parkeringsplassen. Heile rundturen er ca 9 km.

Bukkelifjell er lite egna til skitur.

Vegen fram til parkeringsplassen ved Nord-Årmot

Frå Bø sentrum (rundkøyring) til parkering ved Nord-Årmot i Årmotdalen er det 13.3 km. Følg først riksveg 3330 Folkestadvegen mot Notodden fram til Telemarkshallen (4,9 km). Like etterpå svingar du av til venstre frå 3330 Vatnarvegen i retning Årmotdalen på Skjelbreidvegen (etter 5,5 km frå Bø sentrum). Ved Åsebrua (8 km frå sentrum) svingar du til venstre inn Årmotdalen på bomveg og køyrer rett fram langs vegen i dalen til Nord-Årmot og parkering nær vegen. Her finn du informasjonstavle med kart og omtale om turområdet.

Kart

Våre kart med merka- og umerka stiar er oppdatert frå og med 2024.

  • Dei merka turstiane finn du på trykt Turkart Bø, 2011.
  • Ta med deg alle turstiane til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen Les meir….

Informasjonstavler på parkeringsplassane viser kart på plakatar i A3-format. Kartplakaten kan du sjå på her.

Du kan navigere rundt i webkartet (zoom og pan) i alle turområda til Bø Turlag og Gvarv Turlag. Klikk på kartobjekta og sjå på informasjon om natur og friluftsliv i tekst, bilde og video.
Søk på eit turmål, for eksempel Bukkelifjell.

Foto: Arne W Hjeltnes