Turområdet Årmotdalen omfattar Bukkelifjell (i nord) og Gamlestulfjell (i sør). Blåmerka sti knyter dei to turområda saman. Heiene er rike på minne om bruk av naturen i tidlegare tider. I dag har skogen med få unntak tatt over dei gamle vollene og beitemarkene, men myrer og blinkande små vatn liver opp i landskapet.
Det naturlege utgangspunkt for ein tur over Gamlestulfjellet, 640 moh, er parkeringsplassen ved Røysland gard øvst i Stoklandgrenda. På turen innover heiene anbefaler vi ein avstikkar ut på Årnåkollen (Ørnekollen) der du har god utsikt mot sør og aust. Lenger inne møter du setrene Andersli og Kleivstul. Det er små høgdeforskjellar (140 m) og lett å ta seg fram i dette området.
Frå Kleivstul går stien bratt opp Kleivstuldalen til Trolltjern. Litt lenger fram kan du ta ein kort avstikkar opp på Alfarnuten til flott utsikt. I stikrysset ved Pina vel du stien til venstre opp mot Rypeskaret med utsikt mot Gaustadtoppen. Dette er det høgste punktet på turen 772 moh. Du står nå på stien som og går rundt Bukkelifjell. Men frå Rypeskaret tar du stien ned til Trolltjern og tilbake til Røysland, same vegen du kom. Heile turen er ca 10 km. Høgdeforskjell 430 meter. Gamlestulfjell er lite eigna til skitur.
Vegen fram til parkering
Frå Bø sentrum (rundkøyring) til parkering ved Røysland gard øvst i Stoklandsheia er det 14,6 km. Følg først riksveg 3330 Folkestadvegen og seinare 3330 Vatnarvegen mot Notodden. Sving av til venstre mot Stokland på Stoklandsvegen 11,6 km frå Bø sentrum. Køyr så opp alle bakkane til parkering like forbi Røysland gard.
Kart
Våre kart med merka- og umerka stiar er oppdatert frå og med 2024.
- Dei merka turstiane finn du på trykt Turkart Bø, 2011.
- Ta med deg alle turstiene til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen Les meir….
Informasjonstavler på parkeringsplassane viser kart på plakatar i A3-format. Kartplakaten kan du sjå på her.
Du kan navigere rundt i webkartet (zoom og pan) i alle turområda til Bø Turlag og Gvarv Turlag. Klikk på kartobjekta og sjå på informasjon om natur og friluftsliv i tekst, bilde og video.
Søk på eit turmål, for eksempel Alfarnuten.
Foto: Arne W Hjeltnes.








