Turområdet Tretopper’n

Tretopper’n er eit lågterskel tilbod for barnefamiliar og alle som ønskjer ein kort fjelltur med lett fottøy, magisk utsikt og oppleving av flott fjellnatur. Dette er ein kort fjelltur nær parkeringsplassen på Jønnbu på Lifjell. Turen går til tre små fjelltoppar. Dette er Anebunatten, Kintofjellet og Bøkstulnatten.  Stien er blåmerka og skilta med «Tretopper´n». I alle stikryss finn du eit oversiktskart som viser kor du er på kartet. Der Tretopper’n følger merka stiar på Lifjell blir stiane både raud- og blåmerka. Stien til Anebunatten er ikkje blåmerka, etter ønskje frå grunneigar.

Frå parkeringsplassen går du hovudstien opp mot Lifjell. I stikrysset før Krintokleiva tar du til venstre mot øvre Anebudalen. Her kan du prøve bekkevandring langs Grostulbekken i kløfta opp til Krintofjellet. Det er berre rett etter kraftig regnvêr/snøsmelting at det kan bli vel utfordrande å følge bekken i bekkekløfta.
Eller du fortset oppover dalen til stikrysset på Anebuhovet. I dette krysset tar du stien til venstre mot Anebunatten med utsikt mot Bø og Jønnbu-platået eller ta stien mot høyre som går over Krintofjellet. Frå Krintofjellet 925 moh, har du flott utsikt mot Bø og Norsjø. Ta med deg dragar og prøv den perfekte oppdrifta på Krintofjellet!
Frå Krintofjellet fører stien deg ned til Krintoskaret (toppen av Krintokleiva). Her er det freistande å ta den korte avstikkaren opp på Bøkstulnatten, 928 moh. Her er flott utsikt mot Lifjell, Norsjø og Bø. Under Bøkstulnatten i Bestemorsløyfa er det ein stor rasteplass med bålplass. Utsikt over Hyttelandsbyen på Jønnbu.

Turlengde ca 5.7 km. Høgdeforskjellen er 170 til 220 meter på hele runden. Du kan gjerne lage en mye kortare tur og velgje en av dei tre fjelltoppene. Krintofjellet og Bøkstulnatten er mest populære. Bø Turlag utvikla tilbodet i samarbeid med reiselivet i Midt-Telemark, DNT Telemark og Midt-Telemark kommune. 

Vegen fram til parkeringsplassen på Jønnbu, Lifjell

Ta først nordover frå Bø sentrum (rundkøyring) på Folkestadvegen mot Notodden. Etter 4,0 km, like etter avkøyringa til Bø Sommerland, svingar du til venstre inn på Lifjellvegen. Følg vegen rett fram i alle kryss til parkering på Jønnbu (mot avgift) – etter 13,2 km frå Bø sentrum.

Andre publikasjonar

Kart

Våre kart med merka- og umerka stiar er oppdatert frå og med 2022.

Kart på oppslagstavler
  • Kart på karttavler i alle stikryss viser hovudstiane i Tretopper’n. Sjå på kartet ...
  • Du kan opne det interaktive web-kartet i ein nettlesar.
    Søk på eit turmål, for eksempel Krintofjellet, Bøkstulnatten eller Anebunatten: Sjå på kartet….
  • Dei merka turstiane finn du på trykt Turkart Bø, 2011.
  • Ta med deg alle turstiane til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen Les meir….

Foto: Arne W Hjeltnes.