Turområdet Jøronnatten

Her kan du lese meir informasjon om turområdet.

Dette er den søraustlege delen av Lifjell.  Turen til Jøronnatten og Røksbufjellet er for dei som likar fysiske utfordringar og vakker, vill og storslått natur. Høge nutar, praktfull utsikt, fine fiske- og badevatn og ville gjel med fossar og stup møter deg på turen. Jøronnatten (1 276 moh) er ein av dei høgaste toppane på Lifjell med flott rundskue. Berre Røysdalsnuten og Troganatten er høgare. Jøronnatten er eit felles grensepunkt mellom kommunane Notodden, Midt-Telemark og Seljord.

På tilbaketuren går den merka stien forbi eit stort fjellvatn med godt fiske; Holmen. Her ligg hytta til Bø Fiskelag. Frå Holmen følgjer vi stien ned Valjuvet. Dette er ein trong og brattlendt «Vestlandsdal» med elvebrus frå Gjufsåa og bekken som stupar ut frå Kloppesteintjønn. Du går tett inn på ein flott foss øvst i dalen. I dalen er det godt beite for sau.

Rundturen er om lag 12 km lang og høgdeforskjellen 750 m frå parkering Røytejuv inst i Limarka opp til Jøronnatten. Du trenger omlag 5.5 time på turen utanom pauser.

Røksbufjellet byr på mange fine naturopplevingar med gode fiskevatn og er verd ein avstikker. Her er fine umerka stiar og beitetråkk av sau.

  • Segna om jutulane Jøron og Øystein i Hellerdalen: Les meir….

Vegen fram til parkeringsplassen

Du finn parkeringsplassen ved Røytejuvstølen 11 km frå Bø sentrum (rundkøyring). Følg først riksveg 36 mot Seljord 0,4 km frå Bø sentrum og ta av mot Oterholt ved bensinstasjonen Cirkel K. På Oterholt, etter 2,8 km, svingar du halvt til høgre opp mot Li (Liheia). Etter 5,4 km frå Bø sentrum og opp alle bakkane i Liheia tar du rett fram ved skiltet til Innleggen. (Ikkje sving til venstre). Følg bomvegen innover «Limarka» og opp alle bakkane til parkeringsplassen under Røytejuvstølen.

NB: Vegen fram til parkeringsplassen er ikkje tilgjengeleg etter styrtregn sommaren 2024. Grusvegen inn Limarka øvst i Liheia (Stavsholtvegen) er midlertidig stengt inntil erstatningssøksmålet til Naturskadefondet er avgjort.

Kart

Våre kart med merka- og umerka stiar er oppdatert frå og med 2022.

  • Dei merka turstiane finn du på trykt Turkart Bø, 2011.
  • Ta med deg alle turstiane til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen Les meir….

Kartplakaten som står på informasjonstavler på parkeringsplassane kan du sjå på her. Den viser den søraustre delen av Lifjell.

Du kan navigere rundt i webkartet (zoom og pan) i alle turområda til Bø Turlag og Gvarv Turlag. Klikk på kartobjekta og sjå på informasjon om natur og friluftsliv i tekst, bilde og video.
Søk på eit turmål, for eksempel Jøronnatten.

Alle foto: Arne W Hjeltnes.