Turområdet Høyslass – Bruskor

Her kan du lese meir informasjon om turområdet.

Høyslass (375 moh) og Bruskor (400 moh) er markerte kollar sør for Bødalen med bratte lier, tronge dalar, stup med berghyller og mange vide utsyn. På Bruskor er det nakne berg på nordaust sida av åsen med utsikt mot bygda og Lifjell. På Høyslass er det to utsiktspunkt på sjølve Høyslassnuten (utsikt mot bygda og Lifjell) og på vestsida av åsen (utsikt mot Gygrestolen). Det er moderate høgdeforskjellar på 250–300 m frå parkeringsplassane til toppane av åsane. Frå tre parkeringsplassar kan du følgje skilt og merka stiar til tre markerte turmål: Bruskor, Trælsborg (bygdeborg) og Høyslass. På Høyslass og Bruskor er det kart i alle stikryss til merka sti til dei tre turmåla.

Den mest populære turen går til Høyslassnuten og tar nesten to timer. Start frå Tråvbanene, gå forbi Skiskyttarbanen, opp den lange lia på traktorveg til Høyslassfjellet og vidare bortover på god sti til Høyslassnuten. Når snøen ikkje er for djup og laus blir stien tråkka opp heile vinteren.

Bygdeborga Trælsborg

Dette er en lett tur for dei fleste. Frå parkeringa Forberg ved Skogheim og fram til bygdeborga er det ca 1 km å gå på godt merka skogsti. Høgdeforskjellen er moderat (113 m).

Vegen fram til parkeringsplassen ved Tråvbanen, Forberg og Nordbøåsen

Det er kort veg frå Bø sentrum til tre parkeringsplassar: Tråvbanen, Forberg og Nordbøåsen.

Parkering ved Tråvbanen

Avstanden frå Bø sentrum (rundkøyring) til tråvbanen er ca 3,7 km. Følg først riksveg 359 mot Lunde og etter ca 2 km tek du til høgre mot Tråvbanen. (sjå vegskilt). Ved enden av Skyttarvegen ligger Travbanen og parkeringsplass ved turlagets informasjonstavle.

Parkering Forberg ved Skogheim

Avstanden frå Bø sentrum (rundkøyring) til parkering Forberg er ca 4.5 km. Følg riksveg 36 mot Seljord. Sving til venstre første veg like etter gamle Forberg skule. Skulen ligg til venstre ved vegen midt ute på det store flate jordet. Etter å ha passert skulen tar du første veg til venstre etter ca 100 meter. Så rett fram til parkeringsplassen. Buss må parkere ved Forberg gamle skule.

Parkering ved Nordbøåsen

Køyr frå Bø sentrum mot Seljord. Etter ca 1-1,5 km ta av til venstre på Nordbøvegen til Nordbøåsen (byggefelt). Køyr Nordbøvegen rett fram i alle vegkryss til parkering som ligg på enden av vegen.

Kart 

Merka- og umerka stiar er oppdatert frå og med 2020.

  • Dei merka turstiane finn du på trykt Turkart Bø, 2011.
  • Ta med deg alle turstiane til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen Les meir….

Informasjonstavler på parkeringsplassane viser kart på plakatar i A3-format. Kartplakaten kan du sjå på her.

Du kan navigere rundt i webkartet (zoom og pan) i alle turområda til Bø Turlag og Gvarv Turlag. Klikk på kartobjekta og sjå på informasjon om natur og friluftsliv i tekst, bilde og video.
Søk på eit turmål, for eksempel Høyslass.

Foto: Arne W Hjeltnes