Dette er den søraustre delen av Lifjell. Eit variert landskap med høge nutar, djupe dalar med vatn og ville elvegjel. Fjelltoppane har oftast ein avrunda form, men kan og så være tindeforma med bratte stup. Mellom toppene finn vi eit rolegare landskap. Øysteinnatten er et kjent landemerke og populært turmål for mange fjellvandrarar på Lifjell.
Turen begynner frå parkeringsplassen ved Jønnbu. Første bratte oppstigning er Krintokleiva. Etter eit mindre strevsamt parti kommer vi til motbakkene i Glekse og Tunglijuvet. Øvst oppe ligger Skåråfjellholmen og ventar. Eit populært fiskevatn og rasteplass. Sauetjønn rett opp bakken mot aus har fine teltplassar. Nå går turen i mindre kupert høgfjellsterreng til vi når oppstigninga til Øysteinnatten, 1174 moh. Frå parkeringa på Jønnbu og heile vegen opp til toppen er det storslagen utsikt, først sørover mot Midt-Telemark og Grenland, så mot Skrim i Vestfold. Øvst får du rundskue også mot store deler av Lifjell, Blefjell og Gaustadtoppen.
Både Skåråfjellholmen og Storsteintjønna har godt fiske. Bø Fiskelag har kultivert fleire av vatna i området. Dette er angitt på web-kartet vårt. Om vinteren fører preparerte skiløyper til Lifjell løypelag deg opp i fjellet. Det siste stykket frå Snotjønnhovet og fram til Øysteinnatten følgjer du kvista skiløype.
Om vinteren fører preparerte skiløyper til Lifjell løypelag deg opp i fjellet. Det siste stykket frå Snotjønnhovet og fram til toppen følgjer du kvista skiløype.
Informasjon
- Ei brosjyre informerer om turen: Les meir …
- Informasjonsplakat til høgre står på parkeringsplassen. (Klikk på bildet.)
- Segna om jutulane Jøron og Øystein i Hellerdalen: Les meir….
- Fleire namn på Øysteinnatten: Les meir …
Alternativ tur
Viss du ikkje vil gå same vegen tilbake, anbefaler vi å følgje ryggen vestover i retning Skardtjønn. Den er luftig, men trygg. Så ned mot Storsteintjønna og vidare opp på Gleksefjell. Her er en avstikkar ut til Skrubbelinut freistande. Deretter ned den bratte stien til Tunglijuvet og same vegen ned til parkeringsplassen.
Du kan og køyre inn Årmotdalen til Grønbygil og gå opp Økterngvølven til Økteren (450 høgdemeter) og vidare opp til Øysteinnatten; 200 nye høgdemeter. På Øktern er det flott utsikt innover Lifjell mot Gaustadtoppen og Blefjell.
Vegen fram til parkeringsplassen på Jønnbu
Ta først nordover frå Bø sentrum (rundkøyring) mot Notodden på Folkestadvegen. Etter 4,0 km, like etter avkøyringa til Sommerland, svingar du til venstre inn på Lifjellvegen. Følg vegen rett fram i alle kryss til parkering på Jønnbu (mot avgift) etter 13,2 km frå Bø sentrum.
Kart
Våre kart med merka- og umerka stiar er oppdatert frå og med 2022.
- Dei merka turstiane finn du på trykt Turkart Bø, 2011.
- Ta med deg alle turstiane til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen Les meir…..
Kartplakaten som står på informasjonstavler på parkeringsplassane kan du sjå på her. Den viser den søraustre delen av Lifjell.
Du kan navigere rundt i webkartet (zoom og pan) i alle turområda til Bø Turlag og Gvarv Turlag. Klikk på kartobjekta og sjå på informasjon om natur og friluftsliv i tekst, bilde og video.
Søk på eit turmål, for eksempel Øysteinnatten.
Foto: Arne W Hjeltnes.
















