Turområdet Maskat

Her kan du lese meir informasjon om turområdet.

Området sør for Roheimheia mot Maskat er eit storkupert område prega av mange vatn, myrer og fine kollar. Det høgaste punktet er Maskat, 686 m.o.h. Her er det flott rundskue mot Bø og Lifjell og sørover mot Skåråfjell turområde i Sauherad. Oppe på Maskat  er det mykje nakent fjell og glissen furuskog på den breie åsryggen.

Frå parkering ved Svalbjørtjønna følger du for det meste veg og traktorveg i skogsterreng opp til Kirsdalsatjønna. Vidare oppover går stien over knausar og småtoppar med flott utsikt vestover mot Solbjørgvatnet. Alternativt kan du følge stien til venstre ved Kirsdalsatjønna forbi Rennetjønn og Tveitvatna og tilbake til Maskat. Det er mykje våt myr frå Rennetjønn til Gulnostjønn. Det er eit flott parti langs Tveitvatna og lia opp til Maskat med utsyn mot Gvarv og Nordsjø.

Det er mogeleg å ta seg fram på ski til Maskat. Gvarv Turlag har skuterpreparert skiløype ned frå Maskat mot Kirsdalstjønna.

Vegen fram til parkeringsplassen

Følg riksveg 3330 frå Bø sentrum (rundkøyring) langs Folkestadvegen til Bø Sommarland og videre på Vatnarvegen til avkøyring til høgre på Roheimvegen, ca 12 km frå sentrum. Køyr opp alle bakkane til parkering ved Svalbjørtønna, 16 km frå Bø sentrum.

Kart 

  • Dei merka turstiane finn du på trykt Turkart Bø, 2011.
  • Ta med deg alle turstiane til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen Les meir….

Informasjonstavler på parkeringsplassane viser kart på plakatar i A3-format. Kartplakaten kan du sjå på her.

Du kan navigere rundt i webkartet (zoom og pan) i alle turområda til Bø Turlag og Gvarv Turlag. Klikk på kartobjekta og sjå på informasjon om natur og friluftsliv i tekst, bilde og video.
Søk på eit turmål, for eksempel Maskat.

Foto: Arne W Hjeltnes