Turområde Gygrestolen

Gygrestolen har til alle tider vore eit kjent landemerke for folk i Bø. Ikkje berre er Gygrestolen med ura og dei to kjempeblokkene ein heilt spesiell og særeigen fjellformasjon skapt av siste istid, men det knyter seg også segner til stolen og ura.

Informasjon på oppslagstavle ved parkeringsplass.

Turen opp til Gygrestolen er stort sett ein lang oppoverbakke. Først i tett skog, seinare på svaberg og oppe på platået – grunlent open furuskog. På grunn av stor trafikk er deler av stien sterkt slitt med mykje stein og røtter. I vått eller kaldt vær (is) blir dette utfordrende, særlig for dei yngste. Når vi kommer fram til Svarttjønn har vi lagt bak oss dei lengste motbakkane. På nordvestsida av tjønna er det ein underleg hule i to etasjar. Oppe på platået kan vi anbefale ein kort avstikkar til Venetjønn, som på fine sommerdager kan friste med eit bad.

Turen går vidare i småkupert terreng fram til Gygrestolen. Flott utsikt frå toppen mot dei to store steinblokkene (stolen),  ura under og eit vakkert kultur- og naturlandskap. Tilbaketuren går du mot aust gjennom gamal naturskog. Fra Maurknatten får vi ein flottl utsikt mot den store grove ura under stolen. Klikk på bildet til høgre for å sjå på plakaten som står på parkeringsplassen

God badeplass til Eikjabygda Vel ved Uvdalstjønna. Vi ønskjer ikkje at den vesle badeplassen blir bruka som teltplass.

Vegen fram til parkeringsplassen

Avstanden fra Bø sentrum til parkering nær Uvdalstjønna er ca 8 km. Følg først riksveg 359 mot Lunde fra Bø sentrum (rundkjøring). Etter ca 4 km tar du til høgre mot Tveiten ved Tjønnås. Lenger framme må du ikkje ta av til høgre på Dagstjønnvegen. Ved parkeringsplassen finn du informasjonstavle og blåmerka sti opp til Gygrestolen. Sykkel og bil er aktuelle framkomstmiddel. Stor parkeringsplass med oppmerka plassar. 

Kart 

  • Dei merka turstiane finn du på trykt Turkart Bø, 2011.
  • Ta med deg alle turstiene til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen Les meir….
  • Klikk på dei to kartbildene under…..

Informasjonstavler ved parkeringsplassane har kart på plakatar i A3-format. Dei kan du sjå på her (klikk på bildet) eller skriv ut på printaren din, gjerne i A4-format. 

Du kan navigere rundt i web-kartet og se på informasjon i alle turområda i kommunen.  Her finn du omtale av natur og friluftsliv i tekst, bilde og video.