Bryggefjell kneisar høgt over Bødalen nordvest for Bø. Her er det lang og bratt oppstigning på 430 høgdemeter frå parkeringsplassen øvst i Liheia opp til Bryggefjellnuten 778 moh. Her er det panoramautsikt over heile Midt-Telemark. I klarvêr skimtar du Grenlandskysten i det fjerne. Mot nord ser du opp på Lifjell.
Første delen av turen går langs den gamle gardsveien til Sletteli og Kolahuset. Sletteliberga er eit populært turmål 800 m frå parkeringsplassen. Her er det ein stor rasteplass på ei fjellhylle med flott utsikt mot bygda. Så går stien vidare oppover i tett skog. Den øvre delen går delvis over glattskuret svaberg i open skog med utsikt mot Bø og Lifjell. Stien er lagt om mot vest for å unngå glatte bratte svaberg. Det kan være is på berga vår og haust eller vått berg. Oppe på Bryggefjell vandrar du på store isskuret, nesten nakne svaberg. Ein spesiell oppleving. Turen heilt opp til varden er 4,2 km lang og nuten kneisar 430 m over parkeringsplassen. Det er ikkje tilfeldig at Bø Turlags 20-års jubileumsvarde ble reist på denne nuten.
Ein tyngre rundtur går frå Bryggefjellnuten forbi Skjentjønn og bratt ned i Tjønnstuldalen. Dette er ein trong, dramatisk dal med stupbratte lier. Lengst ned i dalen møter du stien til husmannsplassen Ånto. Nedover på denne stien tar du bratt opp frå Langeskor til ei steinhole kalla «Ding Dong kyrkja». Så er det strake vegen tilbake til parkeringsplassen Innleggen, enten på skogsbilveg eller tilbake over Sletteliberga.
Les meir om Bryggefjell og Ånto på plakaten som står på parkeringsplassen. (Klikk på figuren «Plakat».)
Ånto
Blir turen til Bryggefjellnuten for strevsam kan ein nøye seg med ein kortare tur frå Breskelia opp til den gamle husmannsplassen Ånto innunder Bryggefjell. Du går på ei fjellhylle frå Langeskor til Ånto. Her er det flott utsikt over bygda. Det er om lag tre km til Ånto frå parkeringsplassen, og 350 m høgdeforskjell.
Vegen fram til parkeringsplassen
Avstanden frå Bø sentrum (rundkøyring) til parkering ved Innleggen er 6,1 km. Følg først riksveg 36 mot Seljord frå Bø sentrum og ta av mot Oterholt etter 0.4 km. Ved Oterholt, etter 2,8 km, svingar du halvt til venstre opp mot Li (Liheia). Øvst i Liheia tar du til venstre på asfaltveg mot Innleggen. etter 54 km frå Bø sentrum.
Kart
Våre kart med merka- og umerka stiar er oppdatert frå og med 2020.
- Dei merka turstiane finn du på trykt Turkart Bø, 2011.
- Ta med deg alle turstiane til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen Les meir….
Informasjonstavler på parkeringsplassane viser kart på plakatar i A3-format. Kartplakaten kan du sjå på her.
Du kan navigere rundt i webkartet (zoom og pan) i alle turområda til Bø Turlag og Gvarv Turlag. Klikk på kartobjekta og sjå på informasjon om natur og friluftsliv i tekst, bilde og video.
Søk på eit turmål, for eksempel Bryggefjell.
Foto: Arne W Hjeltnes.









