Turknappen

Bryggellfjell mot Bø og Gvarv. Foto: Arne W Hjeltnes.

Bli kjent på nye stader i Bø – delta i Turknappen! På turposten finn du ei postakasse. Skriv  namnet ditt i boka i kassa. Kravet til turknappen er å gjennomføre turar til minst fem av postane som er lista opp lengst ned på denne sida, under kartet.  Gvarv Turlag tilbyr ein tilsvarande «Friskus«.

Turknappnemda: Halvor Gåra, Åse Egeland, Håvard Hognestad-Erikstein, Per Johan Nordvik. 

Skjema for registrering av turpostane dine finn du inne i turprogrammet eller her på denne sida. Utfylt skjema leverast Brukås Sport eller på heimesida innan 15. januar 2022.
Registreringsskjema 2021

Kart

På kartet finn du omtale av parkering, stien fram til turposten og turposten.
Sjå på kartet for 2021: Turknappen og Friskus

Veiledning til kartet

Klikk i kartet på parkering, sti og turpost og sjå på informasjonen i små «sprett-opp-vindauge». Legg merke til at du må bla nedover i det lille vindauge for å finne all informasjonen.
Du må kanskje zoome inn i kartet for å sjå sti til turposten og parkering (Bruk verktøy «+», eller rull med hjulet på musa).

Faste Turpostar

Bryggefjell, vest for Liheia  – 778 moh.
Gygrestolen, Uvdalsheia  – 490 moh.
Høyslass, vest for Nordbøåsane  – 375 moh.  
Jøronnatten, Lifjell  – 1275 moh.
Kakkelovnshola, Bryggefjell   – 620 moh.
Maskat, på Askildtfjellet  – 686 moh.
Tåråfjell  – 826 moh.
Øysteinnatten, Lifjell   – 1 174 moh.
Ånto, under Bryggefjell   – 500 moh.
Åstjønn, Breisås   – 345 moh.  

Turpostar frå tidlegare år

Ballongfararsteinen, Seljord  –  720 moh
Årnatten, Liheia  – 572 moh
Fønnstul ved Vårbu  – 520 moh
Store Damtjønn, Breisås  – 335 moh
Murukleivhola ved Årmotdalen  – 650 moh

Nye turpostar i 2021

Nye turpostar er klare i god tid før snøen smeltar til våren.

Trælsborg, Forberg – 150 moh     
Busil, Øvre Bø – 350 moh     
Banken, Røksbu  – 700 moh      
Damtjønnstugo, Reskjem  – 320 moh
Raudkritholet, Årmotdalen – 630 moh

Premiar

Bronseknapp 1 år
Sølvknapp 5 år
Gullknapp10 år
Diplom15 år
Plakett20 år
Keramikkvarde25 år