Su-Hellos
Det var to Hellos-plassar. Tuftene vi ser framfor oss, er tuftene etter Su-Hellos, som var husmannsplass under Megarden Folkestad. Plassen, som og blei kalla Vesle Hellos, var i bruk ei kort tid mot slutten av 1800-talet.

Teikning: Tone Telnes
På slutten av 1800-talet var det fire husmannsplassar på Haugesag og Hellos. Folketeljingar viser at det budde rundt 20 personar der, og nauda kunne vere stor. Truleg var Halvor Rollefsson Hellos og kona Margit dei første som busette seg på Hellos – tidleg i 1870-åra. Ved folketeljinga i 1875 er Su-Hellos nemnd som husmannsplass under Folkestad med ”litt” jord. Etter opplysningane i Bø-soga hadde dei ikkje dyr på plassen, men dyrka poteter og grønsaker. Halvor og Margit hadde fem barn, to døydde som spedbarn.
Sonen Gunder og kona Gro tok over plassen, men budde her berre ei kort tid. Ved midten av 1890-åra flytta dei til Skotfoss. Su-Hellos har truleg ikkje vore i bruk etter dette.
Folkeauke og husmannsvesen i Noreg
Husmannsplassar finn vi så langt tilbake som på 1600-talet. Etter kvart som folketalet auka utover på 1700- og 1800-talet, auka og talet på husmannsplassar. Flest plassar hadde vi rundt 1850, etter det kom ein nedgang som følgje av utvandringa til Amerika og utflytting til byar med industriarbeidsplassar. Trass i nedgangen i folketalet hadde vi likevel 65 000 husmannsplassar i Noreg i 1885. I 1910 var talet på plassar redusert til 20 000. I 1928 fekk dei attverande 6000 husmennene rett til å løyse inn plassane sine. Mange gjorde det.
Bø ser ut til å følgje den same utviklinga som elles i landet. I 1800 var det 1600 innbyggjarar i Bø, men i 1835 hadde talet auka til 2430, ein auke på over 50 prosent på 35 år!
Kulturstien er eit samarbeid mellom
Bø museum og Bø Turlag
