Sommarfjøs
I dag ser vi berre steinmurane etter sommarfjøset på eigedomen Megarden Folkestad. Fjøset vitnar om ei tid da utnyttinga av utmarka var langt viktigare enn i dag. Her nede ved elva var det godt beite om våren. Fjøset blei derfor kalla Vårfjøset.
Sommarfjøs var ikkje vanleg før på 1800-talet. Dette heng saman med den sterke folkeveksten i denne perioden som igjen førte til større utnytting av utmarka.
Sommarfjøsa blei gjerne bygd i over-gangen mellom innmark og utmark. Dyra gjekk ute på beite om dagen og blei sett inn i fjøset for mjølking om kvelden. Dyra overnatta oftast i fjøset og ein gjetargut eller gjetarjente gjette dei om dagen. Var utmarksbeitet inngjerda, og lite rovdyr, kunne husdyra gå ute om natta.
Etter ein sommar kunne det bli mykje naturgjødsel ved sommarfjøset som blei nytta heime på garden. Når det samtidig blei hausta fôr og beita i utmarka, gjekk det ein viktig næringsstraum frå utmark til innmark.
Kulturstien er eit samarbeid mellom
Bø museum og Bø Turtlag

