Rusletur kvar tysdag

Stiar og vegar i Evjudalen.

Kvar tysdag heile året – også i feriar – inviterer vi alle interesserte til ein sosial møteplass og ein times gåtur. Gullbring blir møteplass både før og etter turen.

Kl 11.00 Oppmøte i Gullbring
Deltakarane får orientering om ulike turar og opplegget for rusleturane. Alle som møter opp, blir tatt vel imot av to turvertar. Deltakarane legg ut på korte eller lange turar etter eige ønskje, aleine eller i små grupper. Klikk på kartet til høgre, som gir oversikt over Evjudalen og nærområde.

Kl 12.00 Innkomst i Gullbring
Sosialt samvær for dei som ønskjer det. Deltakarane ordnar seg sjølv med kaffi og mat.

Rusleturane starta opp fyrste gang tysdag 2. mai 2017. Fem organisasjonar samarbeider om tilbodet:

  • Nasjonalforeningen Oterholt Helselag, Gunbjørg Haugestaul, mobil 467 94 051
  • Bø og Sauherad Røde kors, Merete Boye, mobil 95111921
  • Bø og Sauherad Revmatikerlag, Gerd Espesett, mobil 952 28 773
  • Frisklivssentralen: Svein Ivar Forberg, mobil 409 13 937
  • Bø Turlag, Bente Drtina, mobil 418 53 302