Hellosvelta

Den sletta vi står på heiter Hellosvelta. Hit blei det køyrt tømmer med hest på godt vinterføre. Tømmeret kom heilt frå Vihus, Østerli og Eikaskogane og blei lagt opp i velter på elvekanten. Deretter blei stokkane målt av Telemark Tømmermåling og merkt med merket til kjøparen. Skogeigarane hadde sjølv ansvaret for å få tømmeret ut i elva i vårflaumen. 

På Hellosvelta blei tømmeret lagt i flakvelter for få god tørk før fløytinga. Teikning: Tone Telnes

Litt lenger oppe i elva finn vi andre velteplassar. Dette er Haugesagvelta på Haugesagmoen og Oterholtvelta der Polen står i dag.

Trevirke har vore nytta til ulike formål som hustømmer, brenneved, ved til trekol- og  tjære-brenning, materialar til gjerde  og anna. Sal og eksport av tømmer, plankar og bord kom så smått i gang på 1200-talet. Det var elvane som gjorde det mogeleg å frakte tømmer frå skogane i innlandet fram til industritomt og eksporthamner.

Vi veit ikkje sikkert når fløytinga i Bøelva tok til. Skriftlege kjelder fortel at lensherren på Bratsberg kjøpte tømmer av bønder i Bø i 1585. Den gongen måtte tømmeret fløytast av seljar til sagbruka i Skien. Truleg har fløyting i Norsjø og nedre del av Bøelva vore i gang lenge før dette.

I 1664 blei kjøp av tømmer ein kongeleg einerett, og frå dette året fekk kjøparen ansvar for å organisere og koste fløytinga. Kongens einerett fall snart bort, men det var framleis kjøpar som sto for fløytinga. Frå 1884 kom Bøelva med i Skiensvassdragets Fellesfløtningsforening.

Elva blir utbetra

På 1500- og 1600-talet var trelasteksporten til Nederland og andre europeiske land svært stor.  Etter kvart som dei kystnære skogane blei uthogde for sagtømmer, måtte vassdraga tilretteleggast for fløyting. I Bøelva var det ikkje større naturlege hindringar før ein kom opp til fossane ved Berghøl, Haugesag og Oterholt.  I desse fossane er det gjennom tidene gjort eit stort utbetringsarbeid. Fosseløpa er sprengt ut, og langs elvekantane er det bygd skådammar (skjermar) av tre eller stein for å hindre at stokkane  sette  seg fast.

Eit farefullt arbeid

Skådammen er bygd som tømmerkistedam. Trass i denne har tømmeret lagt seg i haug nedanfor dammen. Øvst ser vi tømmerveltene  på Haugesagvelta. Haugesagmoen er skogkledd, men på Haugesagplassen ser vi  eit skoglaust beitelandskap.
Teikna etter fotografi frå ca 1900: Tone Telnes.

Fløytinga var eit strevsamt og farefullt arbeid. Ofte måtte fløytarane ut i elva. Å stå til livet i isvatn var ikkje uvanleg. Farleg kunne det og vere og det hendte at liv gjekk tapt. Særleg krevjande og farleg var det når fløytarane måtte ut i elva på tømmer som hadde sett seg fast i store vasar (haugar) i fossar og stryk. For å løysa flokane måtte dei finne dei stokkane som låste vasen (bandstokkane) og hogga dei av.  Når vasen løsna, kunne det gå fort. Elva pressa på og fløytaren hadde knapt med tid til å koma seg trygt på land. Dei viktigaste reiskapane til fløytarane var fløytehak

Juvsåa

Også i Juvsåa blei det fløytt tømmer. For å få nok  fløytingsvatn  måtte det byggast magasindammar i Sandtjønn og Holmen på Lifjell.  Sjølve elveløpet blei utbetra med skådammar langs sidene, og i Tverrdalen blei det bygd ein stor tømmerkistedam. Det var skogeigarane sjølve som sto for fløytinga i sideelvene. Fellesfløtningsforeninga tok over når tømmeret hadde kome ut i Bøelva. Den ordinære fløytinga i Juvsåa tok slutt midt i 1930-åra, men det blei fløytt noko tømmer under eller like etter krigen. 

 Fløytingatek slutt

Etter kvart som bilvegane blei bygd ut,  blei meir og meir av tømmeret levert ved bilveg. Trass i mottiltak  frå fløytinga si side helt denne utviklinga fram, og da ein slutta med barking i skogen blei tømmeret uskikka for elvefløyting. Etter Sundsbarmutbygginga blei elva regulert med stor vassføring om vinteren og tilsvarande mindre vår og sommar. 1968 var siste året det var muleg å fløyte i tømmer Bøelva. 

Hogsten

Hogsten var eit tungt og slitsamt arbeid. Arbeidsvegen kunne vere lang og kosten mager. Før 1900 var øksa einaste arbeidsreiskapen, den blei bruka både til felling, kvisting og barking.  Sag og barkespade kom i bruk utover på 1900-talet, men det tok tid å innarbeide dei nye reiskapane.

Framkøyring med stubbslede og dubbe. Enkelt utstyr blei kompensert med stor arbeidsstokk, lange arbeidsdagar og beinhardt slit.

I Bø kom både barkespade og sag tidleg i bruk. Av ulike sagtyper var det einmannssaga, tømmersvansen, som blei mest brukt. Ut over i 1950- åra blei handsag og øks erstatta av motorsag og da det blei slutt med barking i skogen i 1960-åra, blei motorsaga einaste skogs- reiskapen. Hogstarbeidet var dermed blitt mykje lettare og raskare enn før, og dagsprestasjonane auka til det fleirdobbelte.

Framkjøringa

Hesten var trekkrafta og framkjøringa var avhengig av vinter og snøføre. Da hogsten kunne ta til tidleg på hausten, måtte tømmeret leggast saman i lunner i hogstfeltet. Til dette blei det bruka eit lett lunnedrag. Til framkjøring blei det brukt stubbslede. Dette var ein lett sledetype godt tilpassa terrenget i Telemark. Rotenden av stokkane blei lagt på sleden  mens toppenden slepte etter i snøen. Var framkjøringsvegen lang og ikkje for bratt og vanskeleg, kunne ein i tillegg til framsleden bruke ein etterslede eller dubbe. Da kvilte stokkane på to sledar og ein kunne få med seg større lass. I bratte utforbakkar blei dubba tatt bort og det blei lagt ein vrest (kjetting) under meiane på stubbsleden som brems.


Kulturstien er eit samarbeid mellom
Bø museum og Bø Turtlag