Hellos

I dag ser vi tuftene etter den største av dei to Hellos-plassane. Denne plassen er truleg frå 1700-talet. Plassen hadde og eit bur med to rom. Nytt uthus blei bygd etter at plassen blei sjølvstendig bruk i 1933. Dei dyktige felemakarane av Helland- og Steintjønndal-slekta kjem herifrå. Det same gjer spelemennene av Flatland-slekta. I 1958 brann husa og plassen blei deretter planta til med skog.
Hellos-plassen låg under Bortistugu Eika og blei truleg rydda av Eirik Hansson Hellos ein gong i siste halvdelen av 1700-talet. Hellos utvikla seg etter kvart til å bli ein god plass. I 1865 hadde plassen tre kyr, to sauer og to geiter, og det blei dyrka kveite, bygg, havre og poteter.
Hellosbakaren
I motsetnad til dei fleste andre husmannsplassane i bygda var Hellos i bruk til langt inn på 1900-talet. Den siste som budde her, var August Hellos. Han kjøpte plassen i 1933. August bygde nye uthus, men slutta etter kvart med jordbruk. Han var ugift og flytta frå plassen i 1950-åra. Plassen blei etter brannen i 1958 kjøpt tilbake til Eika.
Karl Johannesen frå Halden kom hit i 1870. Han gifta seg med Guro Hellos same året, og i 1873 fekk dei festekontrakt på livstid på plassen. Karl var bakar og bygde seg bakeri på Hellos. Det er tuftene av dette vi kan sjå tett inntil bygdevegen. ”Hellosbakaren” selde brød til folk som kom forbi, men det meste blei nok levert til butikkane på Oterholt og andre stader i bygda. Etter nokre år flytta Karl bakeriet til Løvlund på Oterholt.
Hygienen i bakeriet kunne det visstnok vere så som så med. Det går mange historier om det, og kva ein kunne finne av overraskingar i brøda. Men i alle fall blei det gjort reint til jul, og da blei det bruka både skuffe og sopelime!
Spelemennene
Erik Hansson Hellos var gift med Gunhild Gunleiksdotter Gåra. Gunhild var dotter til den kjente folkevisesongaren Gunleik Gåra. Sonen deira, Hans Eriksson, utvikla seg til å bli ein dyktig spelemann, men døydde i 1811, bare 28 år gamal. Sonen til Hans Eriksson og kona Kari fekk namn etter faren og blei spelemann som han.
Hans Hansson Hellos (f. 1812) blei gift til garden Flatland i Folkestadgrenda. Gjennom den mangeårige venskapen med Møllarguten blei Hans grunnleggjar av den retninga av møllarspelet som vi kallar flatiandspelet. Hans hadde tre søner som alle blei gode og originale spelemenn. Det var Olav (f. 1843), Vesle-Hans (f. 1846) og Halvor (f. 1853). Desse spelemennene fortsette den utviklinga av felespelet som Møllarguten hadde byrja. Gjennom dei blei dette spelet vidareutvikla og seinare ført fram til vår tid av Torkjell Haugerud, Olav Evju og andre.
Flatlandspelet var virtuost og komplisert, og det fekk umåteleg mykje å seie for utviklinga av hardingfelespelet, ikkje minst i Bø. Gjennom spelemennene frå Hellos og Flatland har Hellos fått ein plass i norsk folkemusikkhistorie.
Møllarguten
Møllarguten blir rekna som den mest sentrale spelemannen i landet på 1800-talet. Han hadde ei hovudrolle i utviklinga av hardingfelespelet ved å bygge ut korte enkle slåttar til lengre utbroderte former. Han var og den første som førte folkemusikken inn i konsertsalane og med det la grunnlaget for folkemusikken som kunstform. Møllarguten var ein nær ven av Hans Hansson Flatland og hadde stor påverknad på spelet til spelemennene frå Flatland.
Felemakarane

Jon Eriksson (f. 1790) var yngste sonen til Erik Hansson Hellos. Som faren og den eldre broren Hans, var også Jon oppteken av feler og felespel, og han var sjølv spelemann. Han lærte seg kunsten å lage feler av dei tidlegaste felemakarane vi kjenner til i Telemark, Karl Rue og Olav Gullbekk i Seljord. I 1812 gifta han seg til plassen Helland under Ågetveit. Han tok namn etter plassen og byrja snart etter som felemakar på Helland. Med to av sønene hans, Erik Helland (1816-68) og Eilev Steintjønndalen (1821-76), blei det i alt fire generasjonar hardingfelemakarar i slekta. Plassen Steintjønndalen ligg inne på området som i dag er Bø Sommarland.
Erik Helland var den fremste felemakaren i landet på 1800-talet. Han utvikla den moderne forma av hardingfela. Tidlegare var felene små og høgt kvelvde. Etter 1860 laga han felene breiare og flatare, meir lik fiolinen. I desse åra dreiv han stort med feleverkstader både i Bø, Horten og Christiania. Gjennom 150 år utvikla felemakarane i denne slekta hardingfela vidare til den forma dette instrumentet har i dag. Fleire av desse felemakarane var i si tid dei fremste i landet. Samla sett blei Helland-Steintjønndal-slekta den slekta som har hatt størst innverknad på utviklinga av hardingfelene i landet.
Kulturstien er eit samarbeid mellom
Bø museum og Bø Turlag


