Haugesagbrua
Den fyrste brua kom langt attende i tida, da det var stor ferdsel langs allmannvegen som gjekk mellom Oterholt og Hørte. Dette var i si tid ein viktig ferdselsveg på nordsida av vassdraget frå Sanda til Oterholt – Hellos – Gårahaug – Mannebru og Hørte. Her for dei over med trekol frå Liheia til «Håmmårverket» på Hørte fram til 1839, da verket brant. Myllarguten og andre spelemenn for over her på sine reiser.
Brua blei bygd en gong før 1848 og blei kalla Nedre Juvsåbru. Fleire gonger gjennom hundreåra blei brua reparert og ombygd. Vegvesenet planla ny bru i 1926/27. Men i staden blei vegen nedlagt som offentleg ferdselsveg i 1935, etter at nyvegen over Folkestadbrua blei ferdig i 1924.
Turlaget bygde ei enkel gangbru rundt 1980 da den gamle brua blei riven. Ei ny bru blei opna 7. september 2016. Sjå bildet under.
Kulturstien er eit samarbeid mellom
Bø museum og Bø Turlag


