Haugesag-plassane
Det var to Haugesag-plassar. Ein gamal plass med jord og husdyr låg på sørsida av bygdevegen. På nordsida av vegen låg ein mindre og nyare plass utan jord – meir som ein arbeidarbustad. Begge plassane låg under Oterholt og blei sjølvstendig eigedom i 1936. Rundt tunet finn vi i dag tufter etter fjøs med skåle og løe og dessutan to kjellarmurar som vender mot Juvsåa. På den eine muren stod det eit hønsehus, den andre som blei nytta til stall, hadde tak rett på muren. Haugesag-plassen har etter 1936 stått tom og husa er nå borte.

Sagmeisterbustad
I 1616 blei Haug sag forpakta av Skiens-borgarar. Ein av dei, Nils Herø, var sagmeister og busette seg like ved saga. Plassen blei heretter kalla Haugesag og var i bruk fram til 1936. På slutten av 1700-talet var det tøffe tider. Ein familie med tolv ungar mista mange små. To jenter på ni og elleve år drukna i elva.
Husmannsplassen
Ved folketeljinga i 1865 budde det fem kvinner på Haugesag. Desse fem kvinnene hadde ei ku, to sauer og fem geiter, og dyrka bygg, havre og poteter. Det var to bustadhus på Haugesag på denne tida. I 1875 budde Olav og Gunnhild Haugesag her. Haugesag hadde på denne tida utvikla seg til å bli ein god plass. Saman med andre inntekter gav plassen etter datidas krav gode levekår for familien.

I 1870-åra etablerte Hans Aslaksson Bergskås og kona Ingeborg ein ny husmannsplass på Haugesag like nord for den gamle bygdevegen. Plassen var liten og utan dyr. Men dei dyrka litt kål og gulrøter samt poteter på ein nabogard. Litt fiske hadde dei i Juvsåa. Eit år hadde dei ”vårgris”. Hans dreiv ”beinmølla” i Hellebekk, men arbeidde for det meste på Oterholt. Om hausten var han slaktar på gardane i bygda. Vinterkveldane nytta han til å lage skinnfellar, hudsko og tresko. Ingeborg strikka sokkar og vottar. Noka stor forteneste blei det nok ikkje av kveldsarbeidet til dei to.
Ingeborg blei 46 år gammal. Da ho døydde i barselseng i 1890, etterlet ho seg ein barneflokk på fem, medrekna den nyfødde. Hans, som da var 76 år, døydde to år seinare. Barna blei sette bort på gardar i bygda.
Ei tenestejente fortel
Johanne var eldste dotter til Hans og Ingeborg. Ho var 15 år da mora døydde. I ei samtale med Alf Moestue fortel ho om barne- og ungdomstida på den minste av dei to Haugesag-plassane.
Om stua på Haugesag
«Stua på Haugesag hadde bare ett rom. Sjølve stua var tømra, og taket var tekt med jord. Jeg hugser at det voks langt gras på taket. ”
”Vi fraus aldri, for stua var varm, og ved var det nok av, og når vi fyra på åren og i kokeomnen, blei det varmt i rommet. Noe bord hadde vi ikke, men ei skive som hang på veggen og som vi tok ned når vi skulle ha mat.”
Om å vere barnejente
”Om vinteren var jeg bångjule. Jeg begynte med det vinteren etter at jeg hadde vært ute første gang som hjuringjente. – – – – Den ene dagen gikk jeg på skolen, og neste, når jeg var fri, passa jeg ungene. Jeg fikk noen øre for dagen og kosten”
Om kosthald
”Det var dårlig med mat heime hos oss. Vi kunne få ei kakuskive om morran med litt sirup på, eller noe surprim. Fikk vi smør på kakuskiva, var det gilde greier og stor stas.”
”Lite mat var det støtt, og noe ekstra stas blei det ikke gjort høgtidshelgjin. Det eneste var julekvelden, for da fikk vi bresselkaku med søt mjølk og lutefisk.”
Om klede
”Unger fra husmannsplasser hadde aldri undertøy. Jentene gikk i verkenstakk og tresko. Når det var mye snø, subba stakken ned i snøen, og det blei en iskant nederst. Den gnog bak på leggen så det blei sår.”
”Om sommeren gikk vi barbeint, fra tidlig om våren til langt ut på høsten, så lenge det gikk an å gå uten sko. Og så var det å ta fram treskoa.”
Om å gjete
”Jeg var ikke mer enn sju år da jeg måtte ut å gjete. I den første plassen min gjette jeg fem kuer og ni sauer og fikk 20 øre dagen – eller var det for veka, det hugser jeg ikke. Ja, så fikk jeg kosten. Jeg var ute heile dagen og fikk med meg noen kakuskiver i ei fille.”
”Jeg var så trøtt mange ganger at jeg ikke visste mi arme råd. Verst var det når jeg måtte opp klokka tre. Når kretura hadde beita ei tid, pleide de å legge seg. Da gikk jeg bort til bjellekua, stakk armen min under klaven og la meg til å sove. Når bjellekua reiste seg, blei jeg vekt.”
Kulturstien er eit samarbeid mellom
Bø museum og Bø Turlag
