Haug sag

Her ved Haugesagfossen har det vore stor aktivitet i fleire hundre år. Ei av dei første sagene i Bø var Storhaugfossen. Frå 1500–1600 talet fekk ho namnet Haug sag. Det blei den største saga i bygda. I 1610 var det fem sager i Bøelva. På 1700-talet kom det opp ei mølle i fossen.

Saghuset til dei gamle oppgangssagene var oftast ein enkel reisverkbygning utan bordkledning, men med  tak. Teikning: Tone Telnes.

På 1500 – 1600-talet var etterspurnaden etter tømmer og skorne materialar stor i Europa. Skogane rundt dei norske utskipingshamnene blei snart uthogde for sagtømmer. Ein tok til å bygge sagbruk innover i landet. På 1800-talet fekk mølla ei vadmålstampe til nabo.

Ein av eigarane, Jan Trinepol, var borgarmeister i Skien. Nils Herø var sagmeister, medeigar og den første som budde på Haugesag. Skattelistene fortel at saga skar 1200 bord i året. Haug sag var framleis i drift i 1634, men rundt 1650 var Nysag i Sagafossen einaste sag i Bøelva. Produksjonen til ei oppgangssag var tre-fire stokkar om dagen. Ein fekk seks-sju bord av kvar stokk. 

Krumtapp og veivstong

Dei eldste oppgangssagene var handrivne og kom truleg i bruk før 1500. Utpå 1500-talet blei dei erstatta av vassdrivne sager. Det var nødvendig med eit fall på om lag fire meter for å drive vasshjulet (underfallshjul) til ei slik sag. I enden av akslinga til vasshjulet var det plassert ein krumtapp eller sveiv, og til denne var det festa ein veivaksel som øverst var kopla til saggrinda der sagbladet var festa. For kvar omdreiing vasshjulet og krumtappen gjorde, blei sagbladet skuva opp og ned. Til Noreg kom krumtapp og veivaksel saman med oppgangssaga og innebar ein heilt ny teknologi her til lands.

Mølle  og stampe

Etter at saga var lagt ned, kom det nye verksemder i Haugesagfossen. I ei opplisting frå 1723 ser vi at det hadde kome opp ei mølle. Mølla som hørte til Søndre Oterholt, hadde to kvernsteinar. Kor lenge denne mølla stod her, veit vi ikkje sikkert, men i 1819 hadde ho fått ein granne i ei ny vadmålstampe. 

Skådammar

Dei kraftige steinmurane som vi ser langs fossen er skådammar, eller skjermar, som er bygd for å hindre at tømmerstokkane skulle sette seg fast i fossen. Dammane var solid bygd. Det hendte likevel at fossekrafta blei for mektig. I 1909 blei den tømmerkistedammen som stod i Haugesagfossen den gongen erstatta med ein kraftig steindam. Delar av denne blei likevel øydelagt  i storflaumen i 1927 og blei seinare reparert med betong.


Kulturstien er eit samarbeid mellom
Bø museum og Bø Turlag