Folkestad grendesag

Murane framfor oss er restane etter Folkestad grendesag.  Saga blei truleg bygd i første halvdel av 1800-talet. Frå først av var det ei oppgangssag  som sto her, men ho blei seinare ombygd til sirkelsag. Saga var truleg i bruk til midt i 1930-åra og blei riven sist i 1950-åra.

Vasshjulet var bygd som overfallshjul, dvs. at vatnet kom inn på toppen av vasshjulet. Det var tyngda av vatnet som dreiv hjulet rundt. Teikning: Tone Telnes.

Folkestad sag er nemnt i ei oversikt over gards- og grendesager på 1800-talet. Det stod  ei sag i Hellebekk da Augund Halvorsen Eika kjøpte ”to vandfaldmed tilhørende  tømmer-velte” frå Megarden Folkestad i 1856. I skøytet står det at tidlegare eigar ”Sigurd Sigurdsen forbeholdes fri skurd på det der steds opførte saugbruk til det fornødne, nemlig husreparationer m.m. på garden Folkestad.

Husmannen var sagmeister

Etter at Augund Halvorsen overtok, var det husmennene under Eika som dreiv saga. Dette var den vanlege ordninga på den tida. Frå 1859 var  husmannen på Ufs  sagmeister. Etter festekontrakten skulle han halde kosten sjølv og  ha 1/3 av det saga tente inn som betaling. Han skulle vere ansvarleg for vedlikehaldet av saga, men jordeigaren skulle ta seg av reparasjonar som kravde nytt utstyr.

Frå oppgangssag til sirkelsag

Det må ha vore ei oppgangssag som Augund Halvorsen kjøpte  i 1856, men det var ei sirkelsag som sto her da saga blei riven sist i 1950-åra. Ifølgje Bø-soga bygde Augund ny sag etter at han tok over, men ombygginga til sirkelsag må ha skjedd seinare. Dette kan vi slutte oss til fordi den første sirkelsaga i Bø blei bygd på  Askildt i 1880-åra, sjå innramma sitat frå Bø-soga. Det er rimeleg å tru at saga i Hellebekk blei ombygd til sirkelsag ein gong tidleg på 1900-talet.

Fuggedammen

For å skaffe sikkert driftsvatn for saga og dei andre verksemdene bygde Augund Fuggedamman på Eikamogane lenger oppe i Hellebekk. Fuggedammen, som var ein tørrsteinsdam, blei riven ein gong i 1970- åra. Dei fint tilhogde steinane blei nytta til mur rundt kyrkjegarden i Bø.

Vasskrafta

Det var fossane og vasskrafta i Hellebekk som gav grunnlaget for drift av kvern, beinstampe og grendesag.  Men det var kvernkallen og vasshjulet, som er oppfinningar frå den fjerne Austen og Romarriket, som gjorde det mogeleg å overføra vasskrafta til produksjon av plankar og bord, mjøl og gjødsel.  I tillegg trongst det ein  tiltakslysten bonde  og dyktige drivarar. 

I 1929 kjøpte Ingebret  Folkestad  saga med grunn og rettar tilbake til Megarden Folkestad. Saga blei da kalla Helle sag.

Bø-soga

”På Askilt tok Augund Askilt til i 1880-åra, og han skal ha vore den fyrste i Bø som fekk sirkelsag. I 1890-åra fylgde sageigarane på båe sider av Sagafossen etter. Andres Herrefoss fekk seg sirkelsag i 1902, da han tok til for seg sjølv, og ein del grannelagssager gjorde det samme, men fleire blei lagde ned avdi omlegginga frå oppgangssag fall for dyr og avdi sirkelsaga trong meir vasskraft.”


Kulturstien er eit samarbeid mellom
Bø museum og Bø Turtlag