Fellestur 2021

Fellesturar i 2021

Turane frå turprogrammet blir omtalt på denne sida og på Facebook etter kvart som annonsa i Bø blad er klar.  Nokre få turar blir bare annonsert på heimeside og Facebook. Turprogrammet til Bø Turlag og Gvarv Turlag finn du i dokumentet:  Brosjyre og turprogram 2021 Midt-Telemark 

Bø turlag på Sulukollen. Foto Arne W Hjeltnes.

Kulturtur i Liheia

Laurdag 9. oktober   
Avreise frå kommunehuset kl 13.00 (Samkjøring). Turen er eit samarbeid mellom Bø Turlag og Bø Museum.
Lite krevjande tur på 3.3 km.

  • Turleiar: Bergit Li

Omtale

Mange stader i Liheia har ei interessant historie. På denne kulturturen går me frå Innleggen, over Sletteliberga og følgjer skogsbilvegen tilbake til Innleggen. Sletteliberga har ein strålande utsikt! Undervegs vil Finn Rønning og Bjørn Tveiten frå Bø Museum fortelje om plassar som me går forbi; Sletteli, Slåtta, Kolahuset.

Turen blir avslutta med kaffirast i Liene. Du må sjølv ta med deg det du vil ete og drikke. 
    

Sletteli 1923

Bømarsjen 2021

Sundag 19. september.
Bømarsjen går i år i området Østli – Vårbu. Parkering, start og mål: Grindaberget (parkering til Vihusløypa). Registrering ved start frå kl 10.00 til kl 12.00.
Registrering i mål på same stad, seinast kl 16.00. Kort og lang løype: 4 km og 6.1 km.

Matstasjon på Vårbu frå kl 10.30 til kl 14.30.
Servering av kaffi og saft. I år må du ta med maten sjølv.

Pris: Vaksne kr 50,-, barn kr. 20,- og familie kr. 100,-  Vipps eller kontantar.
Du får lapp med Vipps-nr og kontonr. Vi har ikkje vekslepengar.

Kart: Klikk på kartbilde til høgre, eller sjå på:  Bømarsjen 2021 kart

Bømarsjen opp Svettelia

Denne klassiske motbakken frå Østli til Gapet (Svettelia) blir ein del av langløypa i år, men ikkje i full lengde. Start og mål er på parkeringsplassen til Vihusløypa ved Lifjellvegen. Begge løypene startar med å gå langs vegen inn i hytteområdet nord for Lifjell hotell. Det blir ei kort og ei lang løype i skogsområda nord for Østligardane, forbi begge Vårbustulane og med avslutning langs Vihusvegen. Kort og lang løype går delvis saman, men dei som vel den korte, slepp unna Svettelia. Forskjellen i lengde på løypene er nok mindre enn vanleg, men den lange har tyngre motbakkar. Det blir variert terreng og underlag med grus- og asfaltveg, sti, skogssti, skogsveg, men også korte stykke i blåbærlyng utan tydeleg sti. Asfaltetappa, som byr på utsikt mot vakre bygder, går langs Lifjellvegen frå Gapet og nedover nokre hundremeter til vi må ut i skogen igjen for å finne matstasjonen ved Vårbu. Der blir det kaffe og saft å få, men ikkje bakst i desse koronatider. Så må ein krysse Lifjellvegen og følgje stiar og skogsvegar tilbake mot mål. Kart får du ved start. Bruk det på turen!

Føremeddagstur langs Bøelva og over Sisjord

Måndag 13. september.
Turen går på begge sider av Bøelva mellom Bø Museum og Folkestadbrua, eit lettgått område med mykje kulturminner, m.a. på Kvennøya. Arne Myhre er med som kjentmann.

  • Oppmøte kl. 11 15 på Bø museum, avreise frå Gvarv stasjon for dei som ønsker det, kl.11 00.
  • Thorvald Amundsen er turleiar.

Rundtur i Breisås

Tirdag 14 september.
Middels krevende ettermiddagstur. Turen går i åpent skogsterreng til Åstjønn og Store Damtjønn. Litt bratt før man kommer opp på platået med vannene, men der er det lettgått.

  • Oppmøte på Bø torg kl. 17 00.
  • Turleder er Synnøve Tryggestad.

Rusletur i Evjudalen – «Ibsen Fjord og Fjell»

Tysdag 7. september går skodespelar Jeanne Bøe saman med oss. Hun vil deklamere frå Peer Gynt undervegs på turen.

  • Oppmøte: Gullbring kulturanlegg.
  • Start: kl 11.00

Jeanne Bøe presenterar «Ibsen Fjord og fjell»

Kvar tyrsdag kl 11 arrangerar Bø turlag rusleturar med turvertar i samarbeid med Nasjonalforeningen Oterholt helselag, Revmatikerlaget og Røde Kors.

  • Kort og lang løype.
  • Oppmøte i Gullbring.

Bli-kjent-tur på Lifjell 

Torsdag 2. september
Er du ny i bygda (student eller innflytter) og er glad i å gå på tur? Denne turen introduserer deg for turlaget og Lifjell på en gang! Turen er også for deg som er godt kjent på Lifjell fra før, og som gjerne deler turglede og gode turtips med nye fjes. Vi starter på Jønnbu og går en rundtur om Skrubbelinuten (1121 moh). Hvis været tillater det, blir det muligheter for en forfriskende dukkert. Ruta tilpasses etter værforholdene, men det blir tur uansett.

Kle deg godt og husk niste!
Turlederne ser fram til å vise fram alt det flotte Lifjellet vårt har å by på.

  • Middels krevende tur, 3-4 timer
  • Oppmøte Jønnbu kl. 17
  • Turledere: Live S. Vestgarden og Anette N. Fredly, telefon 916 96 469

Turledere: Annette og Live

Overnattingstur til Hollane seter

Helga 28.-29. august.
Avreise frå Bø torg laurdag 28.8 kl 9.00 i privatbilar.  Parkering på Jønnbu (avgift 50 kr). Vi tar turen opp Krinto og Glekse til Øysteinnatten. Vidare forbi Øktern og til Hollane. Kanskje blir det ein forfriskande dukkert i kulpen under Hollanfossen i godvêr. Det er hest, telemarkskyr, sau og hund på setra.

Ta med eigen grillmat til laurdag. 

Sundag tar vi turen tilbake til Jønnbu om Holmen, Kloppsteintjønna, Oksladalen og Anebudalen.

Prisar på Hollane
Ta gjerne med kontantar

  • Seng vaksen: kr 300 (ta med eige sengetøy)
  • Seng barn under 12 år: kr 200 (ta med eige sengetøy)
  • Frokost vaksne: kr 150
  • Frokost barn: kr 100 
  • Ellers er det sal av lappar, kanelbollar, kaffe, brus og sjokolade.

Påmelding til turleiar innan fredag kveld 27. august
Oppgi tal vaksne og barn. Og om du ønskjer å leige seng og bestille frokost.
Send påmelding som melding eller e-post. Vi fyller opp ledige sengeplassar på Hollane etter som påmeldingane kjem inn.
Meir informasjon: Hollane (Facebook)

Ønskjer du å overnatte i telt? Ta kontakt med Geir Nordbotten på melding eller Facebook  (det er dårlig mobildekning på Hollane)

  • Vertskap på Hollane  er Geir Nordbotten (tlf.: 98 02 99 80) og Karolina.
        
  • Turleiarar: Arne W Hjeltnes, tlf.: 46 45 18 50.
    e-post: awhjeltnes@outlook.com

Velkommen til siste helg på Hollane denne sumaren for Geir, Karolina og dyra på setra.

Røytebufjellet frå Årmotdalen

Dagstur over Røytebufjellet frå Årmotdalen 22 august.
Avreise frå Bø Torg kl. 10. Middels krevjande tur.

Vi følgjer blåmerka sti bratt opp frå Årmotdalen (bomveg, kr. 70), på nordsida av Kroktjønn til Røytebufjellet. Fjellet er småkupert og stien snor seg gjennom treklynger, over småmyrer og svaberg. Nydelig utsikt i fint vêr. Stien går ned forbi Pina og vidare først i åpen furuskog, seinare granskog, rundt Bukkelifjellet til Løkjin. Derifrå forbi Årlia, over Bukkeliberga tilbake til utgangspunktet.

  • Turleiar Gunnar Li. Tlf: 97 19 52 73

Dagstur til Blåfjell og Slåkånuten

Sundag 20. juni.
Avreise frå Bø torg kl 08.30 i privatbilar.
Parkering ved Slåkja der stien mot hyttefeltet startar. Turen byr på bratte bakkar opp til 5 toppar som ligg som ein hestesko rundt Blåtjønn. Me vandrar høgt opp frå topp til topp med utsikt til Mælefjell, Heksfjell og Lifjell. Turen er omlag 14 km, men dagane i juni er lange og ljose, så dette bør bli eit høgdepunkt denne tursommaren.

Turen er eit samarbeid med Seljord turlag.

Turleiarar: Halvor Gåra 90562953 og Hans Inge Hagen 95065738

Greplyng, Foto: Arne W Hjeltnes

Østerholtnatten

Tysdag 1. juni  
Kveldstur til Østerholtnatten. Me møtast på Bø Torg kl 18.00. Deretter kjører me til Østerholtvegen på Svenseid  for å gå opp til Østerholtnatten. På toppen tek me ei velfortjent kaffepause og nyt utsikten mot Lunde. Turen tek totalt ca. 2,5 timar + kjøring. Turen er middels krevjande.

Turleiar: Ingrid Askildt, tlf.: 901 48 962

Kulturtur i Liheia

Tysdag 25. mai   
AVLYST på grunn av smittevernhensyn
Avreise frå kommunehuset kl 18. Turen er eit samarbeid mellom Bø Turlag og Bø Museum.
Lite krevjande tur.
Turleiar: Bergit Li

Omtale

Mange stader i Liheia har ei interessant historie. På denne kulturturen går me frå Innleggen, over Sletteliberga og følgjer skogsbilvegen tilbake til Innleggen. Sletteliberga har ein strålande utsikt! Undervegs vil Finn Rønning og Bjørn Tveiten frå Bø Museum fortelje om plassar som me går forbi; Sletteli, Slåtta, Kolahuset. Turen blir avslutta med kaffirast i Liene og du må sjølv ta med deg det du vil ete og drikke. Samkjøring frå kommunehuset kl 18. 

Kulturhistorisk rusletur frå Breskhaug til Stadskleiv

Tysdag 11. mai 
Midt-Telemark seniorlæring og Bø turlag innbyr til føremiddagstur langs den gamle bygdevegen til Eikjabygda. Frammøte ved Bø Frivilligsentral kl 10.30 eller Breskhaug kl 10.45.

Klas Eika vil fortelja om gamle Breskhaug skule før me startar vandringa til den private gravstaden ved Eikjarud. Her vil Halvor Gåra seie litt om dei som ligg gravlagt her. Siste stopp er Stadskleiv, der Inger Haugen og Hans Tveiten tek for seg Stadskleiv som kunstnar, original og bygdemann. Det vil bli lagt inn ei matpause undervegs.

Vel møtt til tur! 
Halvor Gåra, turleiar    

Sjå fleire kulturhistoriske rusleturar: Seniorlæring i Midt-Telemark
    

Tur og poesi i Evjudalen

Sundag 9. mai 
Svanhild Amdal Telnes og Marthe Haugerud les. Om beveren ved Sara McElroy. I samarbeid med Bø turlag. Oppmøte og registrering ved Gullbring hovudinngangen kl 11.00.

Smittevern
Vi følger nasjonale smitteverntiltak. Vi legg til rette slik at det skal vere trygt for publikum og utøvarar. Det du kan gjere: Hald deg heime om du er sjuk og følg elles nasjonale råd og retningsliner.

Velkommen!

Lifjell på langs

Sundag 14. mars.
Skitur Grimås – Hollane – Jønnbu. Krevjande høgfjellstur på 25 km. 
Maxitaxi frå Jønnbu kl. 08.45 eller Bøgata (ved Bø Blad) kl. 09.05. 

Pris for medlemmer av Bø Turlag og studentar kr 150, barn/ungdom under 18 år kr 50, andre kr 200. Dette dekker også deler av kostnaden til løypemaskin som køyrer over fjellet laurdag. Kontantar eller Vipps: Bø turlag.

Påmelding

  • Påmelding innan torsdag 11. mars til Terje Wold 
    Atterhald om dårleg vér.

Turleiar

Viktig informasjon

  • Det er påbod med munnbind på maxitaxi.
  • Dei som ønskjer å ta følgje med turleiar, må gi beskjed om dette til turleiar på parkeringsplassen på Grimås.
    Dei andre tar turen over fjellet på eige ansvar.

Omtale

Turen frå Seljord til Bø over Lifjell er om lag 25 km lang. Den byr på eventyrleg vinterlandskap og nok oppover- og nedoverbakkar til alle! Vi tar oss god tid, tar pauser når vi treng og tar lunsj på Hollane. Ta med godt med mat og drikke og det du treng for ein utedag på Lifjell. Vel tilbake på Jønnbu kan vi gjerne runde av turen med middag på Lifjellstua. 

Vi setter opp buss/maxitaxi frå Jønnbu via Bø sentrum til Grimås.  Dei startar frå Jønnbu. Det er derfor lurt å ha eigen eller andre sin bil der med tanke på heimturen. Det blir og høve til å gå på i Bøgata (ved Bø Blad) eller langs bussruta elles (etter avtale).  

Løypemaskin køyrer over fjellet laurdag. Det er stikka løype frå Grimås til Jønnbu så det blir høve til å gå i eige tempo og bruke dagen over fjellet.  

Vel møtt til ein flott høgfjellstur med Bø Turlag!