Nedre Folkestad kvern

Murane vi ser nede i fossen, er restane etter Nedre Folkestad kvern. Kverna i Hellefossen var ikkje ei vanleg heimekvern slik vi fann dei rundt om i bekkar og fossestryk. Det store arbeidet som er lagt ned i dei imponerande murane fortel at dette var ei kvern som mol korn for mange gardar og truleg i konkurranse med dei større møllene i Bøelva og Hørteelva.
Teikning: Tone Telnes.

Etter det Gregar Nordbø (1866–1944) fortel, var dette den siste bekkekverna som var i bruk i Bø. «Den sto ute på stupet der Hellebekk styrtar ned mot Helosplassen». Forfattaren minnest «dette lille saa eventyrlig plasserede kvernhus».

Kor lenge murane etter kverna har stått her, veit vi ikkje, men Nedre Folkestad kvern er nemnt i offentlege opplistingar frå 1723 og 1819. På 1850-talet overtok Augund Halvorsen Eika drifta av kverna. Etter det var det husmennene under Eika som stod for maling av korn. I festekontrakten til husmannen på Myre står det at han skulle arbeide på kverna og halde ho i stand. Men eigaren skulle betale kostnadene. 

Vasskverna kom frå austen

I vårt land var vasskverna i vanleg bruk på 1200-talet, men ho er ikkje noka norsk eller nordisk oppfinning. Etter det vi veit, var denne kverntypen kjent i det gamle Hellas og Roma alt på Kristi tid, og hadde kome dit frå Austen. Truleg kom vasskverna hit til lands som ei følgje av vikingferdene. Vasskvernene avløyste etter kvart handkvernene som hadde vore vanlege til da.
På 1500- og 1600-talet stod det små kvernhus mest ved kvart stryk og fossefall. Dei som eigde kvern, mol kornet sitt sjølv og leigde bort kverna til naboar mot ei eller anna godtgjersle. Desse kvernene blei gjerne kalla heimekverner. Når vassføringa var god, var det om å gjere å utnytte kverna så godt ein kunne. Da kunne kverna gå døgnet rundt. På ei god kvern kunne ein male to tønner (280 liter) korn i døgnet. Rundt 1850 hadde dei store møllene med fleire kvernsteinar overteke mykje av malinga, og heimekvernene blei etter kvart lagt ned.

Om kverner og «sjæle»

Den første skrivne opplysninga vi har om kverner i Bø, er frå 1490 og gjeld ei kvern i eit lite fossefall i evja nedanfor Grauteknapp. Bonden på Grivi gjev dette året kvernplassen til prestebolet ”for sine foreldres sjæle.”


Kulturstien er eit samarbeid mellom
Bø museum og Bø Turlag