Beinstampe

Bø-soga fortel at Augund Halvorson Eika sette i gang eit ”beinknuseri” eller stampemølle i Hellebekk for å skaffe gjødsel til åker og eng. Stampa virka på same måte som ei klesstampe, men var bygd for å finknuse bein. Dei synlege spora etter stampa i dag er murane etter vasshjulet som dreiv stampa.

Murane etter stampa som stod her er delvis fjerna og nytta andre stader. Teikninga viser stampa slik vi meiner ho kan ha sett ut. Teikning: Tone Telnes

Tomt og fallrett blei kjøpt i 1856. Vi veit ikkje kva for år stampa blei bygd, men i 1859 fekk plassen Ufs under Eika ny husmann. Etter festekontrakten skulle husmannen der vere sagmeister på saga i Hellebekk, og dersom eigaren bygde stampe i bekken, skulle han i tillegg ta seg av denne. Det er rimeleg å tru at stampa blei bygd tidleg i 1860-åra.

Andre opplysningar i Bø-soga er at Hans Aslaksson, som var husmann på Haugesag, dreiv ”beinmølle” i Hellebekk. Vi veit og at jentene i Hellos samla inn bein til stampa. Kor lenge stampa var i bruk, veit vi ikkje, men i alle høve fram mot 1900. På denne tida hadde kunstgjødsla byrja å ta over, og produksjon av beinmjøl var mindre aktuelt.

Om beinmjøl

Interessa for beinmjøl var størst rundt midten av 1800-talet. Beinmjølet som blei produsert, inneheldt fosforsyre og nitrogen og blei nytta som gjødsel på åker og eng. Mjølet skulle ha særleg god verknad på poteter og andre rotvekster. I Noreg blei beinmjøl framstilt i fabrikkar fleire stader i landet. Det var Lilleborg fabrikkar som var den største produsenten. Dessutan blei beinmjøl produsert på ein enklare måte i mange mindre gardsstamper som denne i Hellebekk. 

Om malinga

Det var fleire framgangsmåtar som kunne nyttast for å lage beinmjøl. Ikkje alle metodane kunne brukast i mindre verksemder som beinstampa i Hellebekk. Det første som måtte gjerast, var å koke beina for å få bort beinmarg og feitt. Dette blei truleg gjort heime på garden. Deretter måtte beina tørkast og til slutt kjørast til stampa der dei blei knust. Dess meir finknust ein kunne få beina, dess betre blei verknaden. Dersom dei grovknuste beina blei lagt i svovelsyre eller saltsyre, kunne ein få eit finare mjøl, og  gjødselverknaden kom raskare og betre.   

Eksport av bein til England

England var storprodusent av beinmjøl og importerte bein frå andre land. Noreg eksporterte på det meste over 1000 tonn i året til dei engelske fabrikkane. Norske jordbruksinteresser var misnøgde med dette. Dei arbeidde difor for utførselstoll for å redusere eksporten og dermed auke råstofftilførsla til norske produsentar.  

Om skrømt

På Haugesagmoen og ved Hellos skal det ha vore mykje skrømt før i tida. Det var ikkje heilt uvanleg å møte gjengangarar. Det var daude frå kyrkjegarden som vandra rundt for å leite etter ”beina sine”. Bein som skal ha blitt samla inn på kyrkjegarden og mole opp i stampa. Dei har visst gitt opp leitinga nå.


Kulturstien er eit samarbeid mellom
Bø museum og Bø Turlag